Dei kristen utgjer ein liten minoritet på Gaza stripa. Mange har nok emigrert dei siste tiåra. Det er ei katolsk kyrkje nord på Gaza, sognepresten er argentinsk fødde Gabriel Romanelli. Denne vesle menigheten har stått i fokus i det siste i og med at kyrkja vart treft av granater 17. juli, tre personar omkom og 15 vart skadd, mellom dei også sognepresten som berre var lettare skadd. Under krigen har omlag 500 søkt tilflukt i kyrkja, dei fleste kristne men også ein del sterkt forkomne muslimar. Den heilage families menighet har vore svært aktiv med ungdomsarbeid, drift av skular, hjelpearbeid med drift av klinikkar i samarbeid med hjelpeorganisasjonen Caritas. Fleire Moder Teresa søstre har vore knytt til menigheten og teke seg av dei mest lidande. Pave Frans hadde nesten dagleg kontakt med sognepresten, og dette blir følgd opp av pave Leo og ikkje minst kardinal Pierbattista Pizzabella, den latinske patriarken av Jerusalem. Han var tidlegare i år nevnt som pavekandidat, etter terroråtaket på Israel i oktober 2023 skal han ha tilbudt seg å ta plassen til dei israelske gissela. Han gjer ein viktig jobb i Midt-Austen, og kom til Gaza saman med den ortodokse patriarken kort etter åtaket 17.juli. I det siste har lite og ingenting av naudhjelp kome inn til nordlege Gaza. Kardinal Pizzabella gjer det han kan for å betra situasjonen.
I eit intervju med ewtn oppmodar sogneprest Romanelli det internasjonale samfunnet om forbøn og hjelp. Gjennom bøn og diplomati er fred mogleg. Han fortel og om korleis han og ungdommane startar dagen klokka sju med stille tilbeding framom sakramentet der Kristus er konkret tilstades.
“Når vi går denne korsvegen i Gaza, held vi fast ved vona om at alle via crucis endar ved ei tom grav - med oppstoda. Kristus lir no i dei uskuldige. Men ein dag vil herlegdomen skina igjennom.”
Patriark Theofilos, kardinal Pizzaballa og sogneprest Romanelli i Gaza for få dagar sidan.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar