Pave Leo var nyleg på si første apostoliske utanlandsreise, frå 27.november til 2.desember vitja han Tyrkia og Libanon. Begge landa og spesielt Libanon har vore prega av religiøse og politiske motsetningar, og paven framheva naturleg nok trongen for fred, einskap og dialog.Tyrkia var i oldtida eit av dei viktigaste kristne områda,i dag er det berre ein ørliten minoritet att i det nesten reint muslimske landet.I Libanon derimot er ein stor del av folket, kanskje 30-40 prosent, tilhøyrande ulike kristne trussamfunn. Det sette naturleg nok sitt preg på korleis paven vart motteken, i Libanon var dette ein folkefest som appelerte til både kristne og muslimar.
I Tyrkia møtte han naturlegvis den vesle katolske minoriteten, men vktig var og det økumeniske aspektet med samtalar og gudsteneste med den ortodokse patriarken Bartolomeus og armenske kristne. Han møtte og president Erdogan, og muslimske leiarar, han vitja Atatürk monumentet og Den blå moske. Paven peika på tre “bruer” som må styrkast: einskap i Kyrkja,økumeniske band og interreligiøs dialog. Eit viktig element i vitjinga var markering av 1700 års jubileet for konsilet i Nikea i 325, konsilet som formulerte den truvedkjenninga vi sluttar oss til i kvar søndagsmesse. I sin tale sa paven mellom anna:
“ I dag roper hele menneskeheten, som lider under vold og konflikter etter forsoning. Lengselen etter fullt fellesskap mellom alle som tror på Jesus Kristus går alltid hånd i hånd med søken etter søskenskap mellom alle mennesker. I den nikenske trosbekjennelsen bekjenner vi vår tro på “ en Gud,den allmektige Fader”.Det ville imidlertid ikke være mulig å påkalle Gud som vår Far dersom vi nektet å anerkjenne alle andre menn og kvinner som våre brødre og søstre, som er skapt i Guds bilde.”
Libanon har i flere tiår vært preget av, uro, krig, ulykker, økonomiske problem , motsetninger og vanstyre. Pavens motto for vitjinga var : “ Salige er de som skaper fred”, og han påpeika og det i sine taler til folket i Libanon.Han vart motteke av jublande folkemengder som såg fram til vitjinga som eit teikn på von og lys i eit problemfylt tilvære. Han feira messe for ei stor folkemengde, han vitja sjukehus og havna i Beirut der ein enorm eksplosjon tok livet av og såra mange for eit par år tilbake. Eit bilete på lagnaden til dette landet. Han hadde samtalar med leiarar og han vitja grava til Den heilage Sharbel Makhloufs. Paven minna libanesarane om å lovprisa og takka Gud. “ Libanon, stå opp igjen! Vær et rettferdighetens og søskenskapets hus! Vær et profetisk tegn på fred for hele Levanten!”
Foto: NTB/Reuters,Mohamed Azakir

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar