I dag søndag 7.september fekk Kyrkja to ny helgenar, Carlo Acutis (1991 - 2006) og Pier Giorgio Frassati ( 1901-25). Det var pave Leo sine første heilagkåringar etter at han vart pave i mai i år. Desse heilagkåringane var begge planlagt tidlegare i år, men utsett som følge av pave Frans dødsfall. Eg har tidlegare hatt fleire innlegg om desse unge menn/tenåringar som utmerka seg i si korte levetid, og som i etterkant har blitt eksempel til etterfølging for mange, ikkje minst ungdomar. Mange er det som har funne trua eller funne tilbake til trua takka Carlo Acutis og Pier Frassati!
Det er mange som har sett fram til denne heilagkåringa, det har og vore uvanleg stort fokus i ulike media både i forkant og dagen i dag. Då seremonien byrja i formiddag var omlag 80.000 truande samla på Petersplassen! Eg trur det er lengre sidan det har vore tilsvarande stor interesse for nye helgenar. Det er nesten hundre år imellom desse to, men dei har likevel mykje til felles som og pave Leo har peika på i si preike.Dei vaks ikkje opp i spesielt fromme familiar, men viste alt som barn ei sterk gudstru,noko som og påverka resten av familien. Paven peikar på fem element som prega deira trusliv, dagleg messe og kommunion, bøn framfor alt meditasjon framfor tabernakelet, hyppig skriftemål, sterk hengivenhet til Jomfru Maria og helgenar, og ikkje minst konkret omsorg for andre spesielt fattige og sjuke. Begge henta styrke i Eukaristien. Carlo Acutis karakteriserte Eukaristien som ein motorveg til himmelen. Pier Frassati talte om “Verso l`alto” - mot høgdene/ mot himmelen. Han tenkte nok på fjellklatring som bilete på vegen til det guddommelege- til himmelen der Eukaristien er det viktigaste hjelpemiddelet Gud har gjeve oss!
Heilage Carlo Acutis be for oss!
Heilage Pier Georgio Frassati be for oss!
80.000 truande var samla på Petersplassen for å delta i dagens seremoni!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar