Sommerfugler fascinerar meg særleg Admiral sommarfuglen - Vanessa Atalanta. Det er ein vandresommarfugl som trekk nedover mot Sør- Europa og Nord- Afrika på hausten. Det er ein relativt ny art i Norge med åtferd som ikkje erså lett å forklar genetisk og evolusjonært. Det skjer ikkje så rask forandring i den genetiske koden, kva er det då som leiar Admiralen sørover på denne relativt nyleg oppdaga ruta ? Denne vesle fargerike skapnaden, omlag 5 cm stor og med hjerne som eit knappenålshovud! Då vitenskapen utvikla seg frå 17- 18 hundre talet skjedde det ei avfortrylling av verda slik filosofen Max Weber uttrykkjer det. Eit mekanistisk syn på såvel fysikk og biologi vart dominerande, og dermed trua på endelege og enkle forklaringar. Kvantefysikken og moderne genetikk trakk grunnen vekk under denne mekanistiske forklaringa.Årsak og verknad er ikkje lenger så lett å forklara i eit kvantefysisk perspektiv, genetikken er ikkje ein enkel avlesbar kode, då ville vi vore robotar programmert for eit habitat og eit åtferdsmønster. Det er vi ikkje og heller ikkje den vesle, fargerike admiral- sommarfuglen. Vi er heller ikkje nærarer til å forstå kva liv er og kva medvit er! Å sjå sommarfuglen ein haustdag snart på veg sørover er sånn sett ei grenseerfaring, det bidreg og til gjenfortrylling av tilveret! Det er ein heilskap, meir samansett og komplekst enn vi har kunna forestilt oss. Vitskapen rører seg i dette rommet mellom avfortrylling og gjenfortrylling, alltid søkande og undervegs. Eg er ikkje ein stor fan av Richard Dawkins, men han har eit poeng når han skriv:” Science is the poetry of reality.” Vi kan både som deltakarar og tilskodarar bare stilla oss fulle av undring til dette store og fascinerande tilveret!
Fargerike norske sommarfugler
1.Admiral – Vanessa Atalanta
Admiral-sommarfuglen skal ha fått sitt navn alt på
1600-talet. Kanskje
var det dei raude banda og kvite flekkane som gav assosiasjonar til admiralens
uniform. Admiralen overlever ikkje norsk vinter, og innvandrar difor frå
Sør-Europa på forsommaren. Ein del av neste generasjon dreg motsett veg på
hausten. Vandresommarfuglar er også kjent frå andre kontinent, nyleg skildra i
animasjonsfilmen for barn « Sommerfuglen
Sigurd».
2.Blåvinge
– Polyommatinae
Blåvinger
er ein talrik familie med mange arter som er utbreidd på alle kontinent. Det er små
sommerfuglar, under 40mm, med vakker blå farge i ulike mønster. I Norge er det
registrert 18 artar, ofte er det heilt små detaljar som skil dei. Bilete er
sannsynlegvis ein idasblåvinge. Dei overvintrar i puppestadiet og dukkar opp
tidleg på våren.
3.
Dagpåfugløye – Aglais io
Dette
er ein dagsommarfugl som er lett å kjenne igjen på dei karakteristiske og
fargerike vengene. Dagpåfugløye er relativt stor, vanlegvis 50 -60 mm. Dei overvintrar som vaksne individ,
og dukkar difor opp tidleg på våren. Det er ein relativt ny art i Norge, først
registrert i 1899.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar