Vi feirar bryllaup for dotter vår denne vakre seinsommaren. eg skriv tale og let meg inspirera av romatiske tekstar slik som Fridas bok av svenske Birger Sjöberg (1885 - 1929). Den mest kjente teksten er vel denne som også er tonesatt og framfört mellom anna av Sven-Bertil Taube.
"Den forste gång jag såg dig, det var en sommerdag
på förmiddan, då solen lyste klar,
och ängens alla blommor av många hundra slag
de stodo bugande i par vid par.
Och vinden drog så saktelig, och nere invid stranden
där smög en bölja kärleksfull till snäckan uti sanden.
Den första gång jag såg dig, det var en sommardag,
den första gån jag tog dig ut i handen."
I Setesdal har det vore vanleg å laga stev, korte vers med rim som vart framført med melodi.Tema var oftast kjærleik og lengt. Ofte ulukkeleg kjærleik om den ein aldri fekk, men ikkje alltid som i verset under. Er ein to er ein aldri åleine sjølv om ein ikkje alltid er fysisk på sams stad.
"Alli eismo kor eg fere
Itt eg han allstøtt i tanko bere.
Alli eismo kor eg æ
fysst han æ i hjarta så æ han mæ."
(eismo : einsam/åleine, alli : aldri, itt: no
"Kjærleiken er det som bind saman, men kan ikkje skiljast frå trua og håpet. Størst blant dei er kjærleiken skriv Paulus, men håpet er det som ser framover. Den franske diktaren Charles Peguy samanliknar med tre søstre, to store – trua og kjærleiken og ei lita søster – håpet. Kanskje ser vi knapt det vesle håpet i midten mellom dei to store, men «Det er hun den lille, som trekker alt. For troen ser bare det som er, men hun ser det som skal bli. Kjærligheten elsker bare det som er, men hun elsker det som skal bli.» Tru – Håp -Kjærleik blir slik grunnpilarar i livet."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar