19.oktober vil pave Leo utpeika sju nye helgenar, to av desse frå Venezuela. Dette landet med store interne problem får dermed sine første helgenar. Den eine er Maria Carmen Rendiles (1903-1977), grunnleggar av ein nonneorden "Jesu tjenere i Caracas".Den andre er kanskje meir kjent iallfall i heimlandet, legen Jose Gregorio Hernandez ( 1864-1919). Han vart saligkåra i 2021, og går no snart frå salig til heilag.
Jose Gregorio Hernandez vart fødd i ein avsidesliggjande landsby i Andesfjella. Han tenkte på jusstudiet, men foreldrene oppmuntra han til å studera medisin, og han vart utekssaminert i frå universitetet i Caracas i 1888. Hernandez viste seg som ein uvanleg dyktig student og fekk stipend for vidare studiar i Europa. Han oppheldt seg i Paris der han studerte bakteriologi, patologi og fysiologi. Han tok med seg dei nyaste framskritt tilbake til Venezuela. Ein periode var han tilbake i heimbyen som lege, men resten av livet verka han i Caracas. Han dreiv praksis der han særleg hadde eit auge for dei fattige og forkomne, samstundes arbeidde han akademisk, og han underviste medisinstudentar. Hernandez var ein mann med mange talent, han snakka fleire språk, han var musikalsk, sydde sine eigne dressar og skal ha vore ein dyktig danser, men framfor alt var han ein svært from mann. Det var som i mange høve mora som hadde formidla trua til han. " Helt fra voggen av lærte min mor meg dyd, hun lot meg vokse opp i kjennskap til Gud og gav meg kjærligheten som veiviser." Det førte til at han i sitt profesjonelle liv som lege heile tida såg Kristus i dei sjuke, fattige og lidande. Han fekk tilnavn som " de fattiges lege", "kjærleikens apostel" og "vonas misjonær".
Jose Gregorio Hernandez følte også på eit kall som munk eller prest. Han reiste to gonger til Italia, den ein gongen for å bli karteuser munk, den andre gongen for å byrja på presteseminar. I begge tilfelle måtte han gje seg av helsemessige årsaker. Tilbake i heimlandet held han fram sitt arbeid som lege , ikkje minst gjorde han ein stor innsats under spanskesyka som ramma landet. Han døydde på tragisk vis i ei trafikkulukke 29. juni 1919. Ei stor folkemengde følgde han til grava. Han vart ein svært populær i heimlandet også etter sin død. ikkje bare blant katolikkar, men også i dei synkretistiske religiøse retningane. Dette kan nok ha verka inn på saligkåringsprosessen som vart innleia i 1949, og førte fram til saligkåringa i 2021 i Caracas under leiing av erkebiskopen. Etter eit nytt stadfesta mirakel er han no klar for heilagkåring 19. oktober.
Heilage Jose Gregorio Hernandez be for alle sjuke og lidande !

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar