mandag 15. september 2025

Martyrer

 Eg  har fleire gonger tidlegare skreve om dei 16 karmelittnonnene frå Compiegne som vart avretta 17. juli 1794 under Den franske revolusjonen. Dei vart saligkåra i 1906 og kanonisert av pave Frans 18. desember i fjor. I går vart dei feira i ei høgtidelege takkseiingsmesse i Notre-Dame de Paris leia av erkebiskop Laurent Ulrich. Han framheva deira vitnesbyrd gjennom martyriet som relevant også for vår tid. Mange frå karmelitt familien var tilstades for å hylla sine  medsøstre. Seinare på dagen var det ein prosesjon gjennom Paris gater frå Conciergerie der dei sat fengsla og så kjørt til Place de la Nation der dei vart henretta og deretter kasta i massegraver på Picpus kyrkjegarden. Mange karmelittar deltok i denne korsvegen mellom anna saman med speidergrupper.Seint på ettermiddagen samlast dei på gravplassen der dei og fekk æra ein relikvie, ei lita statue av Jomfru Maria som priorinna bar med seg og som  nonnene fekk kyssa før dei steig opp på skafottet! Pave Leo sendt ei helsing der han hylla desse heroiske karmelittnonnene. " Framfor skafottet er desse karmelittane frå Compiegne ikkje lenger offer for ein arrestasjon, men opphav til ei storslagen gåve."

Dagen etter var den naturlege oppfølginga  ei økumenisk markering av vår tids mange martyrar som tok stad i Roma, leia av pave Leo. Representantar forr 24 kristen kyrkjesamfunn deltok i denne sermonien. Lista over vår tids martyrar er lang ikkje minst har mange i Afrika og Midt-Austen falle som offer for jihadistar. Dessverre er det nok slik som pave Frans uttrykte for eit par år sidan - det er fleire martyrar i vår tid enn i dei første hundreåra!

La oss be for alle desse som vitnar om trua ved sitt eige liv !


                        Minneplate med navnet på dei seksten karmelitt- martyrene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar