lørdag 11. oktober 2025

St.Patricks Cathedral

 St.Patricks Cathedral ligg sentral på Manhatten og er på mange måtar sentrum i amerikansk katolisisme. Eg var der til messe for ein del år tilbake, det var erkebiskop seinare også kardinal Timothy Dolan som forretta messa. Eg hugsar det som ei svært fin oppleving. Katedralen var ferdig i 1879 og var vigd til Irlands nasjonalhelgen St. Patrick etter initativ frå irske immigrantar med erkebiskop John Joseph Hughes i spissen. Nyleg har katedralen vore i fokus i samband med avdukinga av spektakulære veggmåleri utført av kunstnaren Adam Cvijanovics etter initativ frå erkebiskopen. Kunstverket har tittelen:”What`s so funny about Peace,Live and Understanding”, tematikken er såvel historisk som dagsaktuell og utan tvil med ein viss politisk undertone. Ei viktig inspirasjonskjelde er openberringa i Knoch i Irland 21.august 1879, same år som katedralen stod ferdig. 15 personar i byen skal då ha fått eit syn av Jomfru Maria, Josef og evangelisten Johannes saman med Guds Lam omgjeven av englar.Seinare har dette vorte eit populært pilegrimsmål.

Veggmåleria knyter fortid og notid i det vi får sjå dei første truande immigrantane som kom til New York for to hundre år sidan og scener frå notidas storby. Mange historiske personar dukkar opp i kunstverket, vi har alt nevnt erkebiskop Hughes som starta bygginga av katedralen, amerikanske helgenar som Frances Xavier Cabrini og den første “ native american” som er kanonisert Kateri Tekakwitha dessutan ei kvinne frå moderne tid, Dorothy Day, grunnleggar ac Catholic Worker Movement og ein mogleg framtidig helgen. I forgrunnen også vår tids immigrantar, og over det heile dei vernande englane.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar