I dag 16.juli midt i sommarmånaden og ferietida feirer vi patronatfesten i Karmelittordenen til minne om Jomfru Maria eller Vår Frue av Karmelberget. Karmelittordenen oppstod på 1100 talet då eremittar på Karmelberget nord i Israel slo seg saman og fekk sin ordensregel godkjent av patriark Albert av Jerusalem i 1209, stadfesta av paven eit par år seinare. Etter muslimsk framgong utover 1200 talet utvandra dei fleste karmelittar til Europa der det første generalkapittel vart halde i Aylesford i England i 1245, Simon Stock vart då valgt til ordensgeneral framtil sin død i 1265. Dagens feiring skriv seg frå eit syn Den heilage Simon Stock hadde 16. juli 1251. Jomfru Maria skal då ha gjeve han eit brunt skapular som teikn på frelsa og forbundet med Gud. Simon grunnla eit brorskap som bar skapularet, det vart seinare det som vi i dag kjenner som Karmels sekularorden. Underteikna har vore ein del av dette fellesskapet i omlag 20 år.
Vyrdnaden for Jomfru Maria har alltid vore sentral i Karmelittordenen. Ho er vårt vern og vår dronning, den som alltid går i forbøn for oss. Maria viser alltid mot Sonen, hennar livs velsigna frukt, særleg gjeld dette når vår utlendighets tid snart er forbi slik tilfelle er for fleire eg kjenner og som eg overlet i hennar varetekt.
Sub tuum praesidium confugimus, Sancta Dei Genitrix. Nostras deprecationes ne despicias in necessitatibus nostris, sed a periculis cunctis libera nos semper, Virgo gloriosa et benedicta.
Under ditt vern tar vi vår tilflukt, Hellige Guds Mor.
Ta nådig imot de bønner vi ber i våre trengsler,
og frels oss fra alle farer.
Du evige Jomfru, velsignet og herlig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar