mandag 20. oktober 2025

Nye helgenar

I går 19.oktober erklært pave Leo sju nye helgenar i Den katolske kyrkja. Eg har tidlegare skreve om hans første helgenkåring i september der Carlo Acutis og Pier Georgio Frassati vart erklært som heilage. I går var 70.000 samla på Peters plassen, av dei mange pilegrimar frå Venezuela med sitt nasjonalflagg som kjennemerke.

Pave Leo innleia: " I dag har vi framfor oss sju vitner, dei nye heilage, som med Guds nåde  heldt truas lampe brennande. Ja dei blei i seg sjølv lamper som kunne  spreia lyset frå Kristus utover verda.Må deira forbøn vera oss til hjelp i våre prøvelsar, og må deira eksempel inspirera oss i vårt kall til heilagdom."

To av dei nye heilage kjem frå Venezuela og vert dei første helgenar frå dette Sør-Amerikanske landet som har vore i medias fokus i det siste av politiske grunnar. Eg har tidlegare skreve om legen  Jose Gregorio Hernandez Cisneros. Den andre helgenen frå Venezuela er Maria del Carmen Rendiles Martinez (1903-77) ,ei nonne som trass i at ho vart fødd utan den eine armen gjorde ein innsats for Kyrkja og sine medmenneske utover det vanlege. I 1965 grunnla ho ordenen  Jesu tjenere i Caracas.

To martyrar er mellom dei heilage, den eine Peter To Rot frå Papua Ny Guinea, han vart drept under den japanske okkupasjonen i Den andre verdskrigen. Den andre er Ignatius Maloyan, ein biskop i den armensk-katolske kyrkja som vart drept under folkemordet på armenarane under Den første verdskrigen.

Bertolo Longo er kanskje den av dei heilage som er best kjend i Italia. Han var advokat og forlet Kyrkja som ung og vart satanist, men etter kvart kom han  tilbake til Kyrkja. Han grunnla Vår Frue av Rosenkransen i Pompeii, som er eit populært pilegrimsmål. Han framheva Maria og Rosenkransbøna, og han foreslo bøner også konsentrert om Jesu offentlege liv. Det inspirerte pave Johannes Paul II til i 2002 å føya til Lysets mysterier i Rosenkransen på torsdagen!

Ytterlegare to kvinner, begge nonner, vart erklært som helgenar denne søndagen. Vincenza Maria Poloni grunnla ordenen "Barmhjertighetens søstre i  Verona". Maria Troncatti også ei italiensk nonne, som i 44 år verka som misjonær blant urfolket shuarene i Amazonas i Ekvador." Ho ofra heile sitt liv til å hjelpa denne folkegruppa som lærar, sjukepleiar, kateket og mange andre tenester. Folket sette henne svært høgt, ho var deira "Madrecita - Vesle Mor".

19. oktober var også Misjons-søndagen og pave Leo avslutta: " Kyrkja er i sitt vesen heilt misjonerande, men i dag ber vi spesielt for dei menn og kvinner som forlet alt for å bringa evangeliet til dei som ikkje kjenner  det. Dei er håpets misjonærar mellom menneska. Måtte Herren velsigna dei."





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar