fredag 1. mai 2015

To rekkjer på stranda

"Då dei høyrde dette, vart dei rasande og skar tenner mot han. Men fylt av Den heilage ande vende Stefanus auga mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand.  Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.»  Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyra, og alle som ein storma dei mot han. Dei dreiv han ut av byen og steina han. Og vitna la kappene sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus.  Dei steina Stefanus medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd.»  Så fall han på kne og ropa høgt: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, sovna han inn. "
(Apg 7,54-60)

Denne bibelteksten frå Apostelgjerningane som skildrar Stefanus martyrium vart også nytta i ein traktat som det egyptiske bibelselskapet distribuerte etter drapet på 21 kristne menn i Libya i februar i år. Den koptiske kyrkja har alt gjort desse 21 martyrane til helgenar slik Den armenske kyrkja nyleg gjorde med dei 1,5 millionar offera for folkemordet for snart hundre år sidan.
Traktaten inneheld bibelvers og eit dikt til minne om desse 21 egyptiske martyrane og er distribuert i fleire millionar eksemplarar i Egypt. Kristen og muslimar har stått saman i felles avsky over desse meningslause drapa.

To rekkjer på stranda

"Det går to lange rader ved havet på ei strand
ein dag då tårer fløymer i alle folk og land.

ei rad med menn som trur deira drap fortener ros,
ei rad med skuldlaus ungdom som ser eit anna ljos,

ei rad som lyfter handa; der blenkjer det ein kniv,
ei rad med bundne hender og verjelause liv,

ei rad med mørke hetter der hatet lyser ut,
ei rad som lyfter blikket og skodar opp mot Gud,

ei rad som står og ventar med død og drap og slag,
ei rad som kneler, vende mot himlens andedrag,

ei rad som spyttar hat og forakt og vreide ut,
ei rad som andar ro og ein fred som er av Gud.

Sei meg ein ting:
Kven er redde for dei andre ?

Rada i oransje, som ser i himlen inn ?
Rada kledd i svart, med så øydelagde sinn ?"

                                      Koptisk ikon med Kristus og dei 21 martyrane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar