mandag 25. mai 2015

Poetica:Denne underlege reisa


Denne underlege reisa


Denne underlege reisa

frå tidløysa og inn i tida

og så ein dag tilbake i tidløysa.

Du tjuvstarta litt, men det er lov

når du no smiler det første tannlause smilet ditt.

Vi let oss så lett forføra

sjølv om vi berre skal følgja deg

eit lite stykke på vegen

men vi er bundne saman i genetiske spindelvevstrådar

forankra i molekyl og DNA spiralar

ei tidlaus rekkje der lagnad lever i lagnad

minne i minne, bore av større vernande hender.

Ein dag skal minna viskast ut

trulaust forsvinna inn i haustskodda

men kva gjer no det der vi står att

og ser smilet, dei ivrig sparkande føtene

og hender som vinkar

Velkomen - Adjø !


                               Små føter på veg inn i den store framtida


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar