Nôtre Dame de Paris
Eg
deler deg med så mange
alle
dei som kvar dag kjem her
for
første gong eller som ein dagleg vane,
dei
som berre kjem for å sjå og dei som vil tilbe.
Likevel
kjennest det som du er mi
på
ein heilt spesiell måte
ei
eg ikkje kan dela med andre
kanskje
med unntak av Paul Claudel ?
Vi
møtest så sjeldan,
men
gjensynet er desto varmare
når
eg finn min plass ved alteret til Thérèse,
i
eit av kapella bak hovudalteret,
eller
ved søyla til høgre der Paul Claudel
lytta
til Magnificat første juledag !
Du
vigd til henne som sa ja og aldri angra
og
difor kan løfta mine bøner inn til
det
som er svar på alle bøner.
"Å min Gud - jeg minnes denne skumring hvor vi var alene, ansikt til ansikt med hverandre, de mørke vinterdagene i Notre Dame. Jeg holdt meg helt nederst, og opplyste ansiktet til den store bronse- Kristus med et vokslys til 25 centimes. Den gang var alle imot oss - vitenskapen, fornuften. Alene troen bodde i meg, og jeg betraktet deg i stillhet lik en mann som foretrekker sin venn."
Paul Claudel
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar