tirsdag 1. juli 2014

Portugal:Fado.

Vi sit på ei restaurant i Alfama og drikk portugisisk vin og et sjømat. Ei ung fado-sangerinne underheld, akkompangert av to eldre menn på gitar. Songen er melankolsk, stemningsfull og ekte.
Det er blitt sagt at det er tre F (tres F) som er viktig i Portugal, Fado, Fatima og fotball. Eg har alt formidla mine inntrykk av Fatima, og har lyst å gå vidare til fado, den særmerkte portugisiske folkemusikken.
Fado oppstod sannsynlegvis på byrjinga av 1800 talet i Lisboa og Coimbra. I Lisboa vart det musikken til sjømenn og arbeidarar i dei meir fattigslege bydelane Alfama, Mouraria og Bairro Alto.
Tradisjonen i Coimbra er meir akademisk preg, her er det gjerne studentar frå byens gamle universitet som har halde fado tradisjonen levande. Utover1900 talet steig fadoen ut frå dei små kneipene i havnestrøka i Lisboa, og vart framført av kjente artistar på så vel scene som i radio og TV. Den utan tvil største fado artisten er Amalia Rodrigues (1920-1999),  ho har vorte kalla "Rainho do Fado" - dronninga av fado , og alle eldre portugisarar har eit forhold til henne.
"Com que Voz chorarei mei triste fado" (Med kva stemme skal eg synga min triste fado/klaga over min triste lagnad) Ja, fado høyrest nok melankolsk ut, det er ei sår lengting i songen. Kanskje er det sjømannen som lengtar heim nå han er på sjøen, og lengtar til sjøen når han er heime ?
Det portugisiske ordet " Saudade" er sentralt i fado- tradisjonen, det er eit uttrykk for ei melankolsk lengting. Sjølve ordet fado kjem frå latin fatum - lagnad.
Bokhandlaren i den vesle butikken like bak katedralen der eg kjøper CD med Amalia og dikt av Fernando Pessoa, vil ikkje ha det til at fado bare er melankolsk, fado er primært eit uttrykk for portugisisk daglegliv.  Kanskje er denne litt vemodige lengtinga eit uttrykk for portugisisk livskjensle, men det er den og for mange andre som kjenner att si eiga livsoppleving i fadosongen ?

                                                      Den unge Amalia Rodrigues

Lenke til Amalias vakre "Lagrima" :
https://www.youtube.com/watch?v=-GEaa9QGOd4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar