Bendiktinarmunkar frå England grunnla S.Alban klosteret på Selja som vi framleis finn ruinar av. Etter reformasjonen gjekk staden i gløymeboka, men fekk ein renessanse i vår tid, særleg dei siste åra. Kanskje kjem det på nytt eit benediktinarkloster på Selja !
Kelterane har det dei kallar "thin places", stadar der skiljet mellom det dennesidige og det hinsidige er mindre enn ellers, kanskje er det bare å strekkja ut hand så rører ein ved noko heilagt ? Selja er ein slik stad, ulik alle andre stadar i Norge. Eg har skildra denne opplevinga i ein liten tekst som eg har teke med før men som det ikkje skadar å gjenta i høve årets Seljumannamesse.
Selja
Ikkje
vindkast og uroleg sjø mot Stadt
men havet
krystallklårt og speglande
som ei flate
vi kunne stiga ut på
gje oss på
vandring mot horisonten
og gå dei i
møte dei som kom over Nordsjøen
for over
tusen år sidan
bore fram av
trua og bølgjene
Den heilage
Sunniva og Seljumennene
steig i land
og vart verande
næra av vona
og nåden
himmelen
vida seg ut over dei
og over
stormen, havet og fjella
heilt til
det uskapte ljoset
braut
igjennom og viste veg
for alle dei
som kom etter
over havet
eller langs ulendte stiar
for å æra
skrinet med Sunnivas lekam
det som bar i fem hundre år
for så å
dekkast med gløymsle
i fem hundre
nye år
berre ein og
annan vandringsmann
kom her i
kuling eller solgylt sommardag
drakk av
kjelda og det var nok
men så ein
dag skulle det uskapte ljoset
på ny bryta
igjennom og visa veg
til
mysteriet så nært så levande
at vi berre kunne strekkja ut handa
og verta
møtt av gjennombora hender
frå den
andre sida
som eit
forsiktig kjærteikn
som ein
lovnad som ber gjennom natt og einsemd
aldri åleine
den lange vegen heim.
Så nydelig eit dikt.
SvarSlettSelja er ein stad eg har hatt lyst å dra til lenge. Den har ei sterk historie.
God sommar!
Marieklem