onsdag 2. juli 2014

Thérèse Martin: ord til trøst


Eg les i Guy Gaucher:”Histoire d`une vie Thérèse Martin.”

Når presset frå rasjonalismen blir for sterkt og tvilen overgår trua, kan det vera til trøst å lesa tekstar av ein helgen som har kjempa seg igjennom dei same tankane og erfaringane. Dette gjeld ikkje minst Thérèse frå Lisieux, Den vesle Thérèse av Jesusbarnet.
Her er eit par sitat som eg noterte  for ei tid tilbake:

”C`est la raisonnement des pires matérialistes qui s`impose  à mon esprit.”

( Det er tankegangen til dei verste materalistane som legg press på sjela mi)

”Mon Ciel est de sourire à ce Dieu que j`adore. Lorsque il veut se cacher pour éprouver ma foi.”

(Min himmel er å smila til den Gud som eg tilber. Han vil gøyma seg for å setja trua mi på prøve)

”Si vous jugez d`apres les sentiments que j`exprime dans les petites poesies que j`ai composées cette année, jo dois vous sembler une âme remplie de consolations  …… et cependant.”

( dersom de vurderar meg ut frå kjenslene eg har uttrykt i små dikt det siste året, vil eg  nok  framstå for dykk som ei fortrøstningsfull sjel …………….. men  trass i det!)

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar