lørdag 5. juli 2014

Portugal:fotball

Portugals 3 F(tres F), Fado, Fatima og Fotball! Eg har alt skreve om dei to første og til slutt litt om det siste. Portugal spelar i årets fotball VM, men kom ikkje vidare frå gruppespelet. Ei trøyst er det kanskje at portugisisk fotballkultur i si tid vart eksportert til Brasil, og det er ikkje tvil om at brasilianarane er vel så fotballgale som portugisarane. Stort sett har vel også Brasil gjort det betre enn Portugal internasjonalt, men det var ikkje tilfelle i VM 1966 som vart spela i Storbritannia. I dei innleiande rundane var Portugal i gruppe med Bulgaria, Ungarn og Brasil. Brasils store stjerne Pele var skada, og Portugal slo Brasil  med to mål. Begge måla vart scora av Eusebio, Portugals store fotballlegende på 1960 talet. Portugal gjekk lett vidare til semifinalen etter å ha slege Nord-Korea.
I semifinalen møtte dei England og blei tragisk nok slått ut med resultatet  2-1. Eusebio gjekk av banen i tårer. Fadosangerinna Amalia syng om Lagrima(tårer), og denne kampen vart for all framtid hugsa som " Jogo das Lagrimas" i Portugal. Seinare vann Portugal bronsefinalen ved å slå Sovjet-Unionen, men finalen har dei aldri vunne.
Sjølv om Portugal ikkje fekk spela finalen, var det ingen tvil om kven som var turneringas stor stjerne og toppscorar: Eusebio da Silva Ferreira (1942 -2014). Eusebio var fødd i Mocambique som då vart rekna som ein del av Portugal. Han kom til Portugal som 18 åring, og spelte for Benfica frå 1960 til 1975. På 1960 talet var han den store stjerna ikkje bare i portugisisk fotball, men og internasjonalt, kanskje bare overgått av ein annan portugisisk- talande spelar, nemleg Pele.
Eusebio døydde i januar i år, og portugisarane hadde absolutt ikkje gløymt sin største fotballspelar.
Det var tre dagers landesorg, og på alle fotballkampar var det minuttar med stille til minne om han.
Til slutt vart kista bore rundt på Benfica sin heimebane, Estadio da Luz,  det  var  og hans siste ønskje.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar