torsdag 31. juli 2014

Antoine de Sainte-Exupéry

”En kan bare se riktig med hjertet. Det vesentlige er usynlig for øyet […] Det er den tiden du
har kastet bort på rosen din, som gjør den så viktig for deg […] Den sannheten har
menneskene glemt […] Men du må ikke glemme den. Du har bestandig ansvar for det du har
gjort tamt. Du har ansvar for rosen din …
Jeg har ansvar for rosen min …, gjentok den lille prinsen for at han skulle huske det bedre.”
Sitatet er frå boka ”Den lille prinsen” (Le petit prince) som kom ut i 1943. Boka vart opprinneleg skreve som ei barnebok, men har også fått eit stort publikum av vaksne lesarar som ein vakker fabel med ein  humanistisk bodskap om ansvar og omsorg. Boka er hyppig sitert og oversatt til meir enn 250 språk. Kvifor skriv eg dette nettopp i dag 31. juli 2014 ?  I dag er det akkurat sytti år sidan forfattaren Antoine de Sainte-Exupéry  forsvann sporlaust med rekonoseringsflyet sitt over Middelhavet. Han hadde meldt seg for det frie franske flyvåpenet i 1943 etter å ha opphalde seg i New York eit par år, der hadde han og skreve boka om den vesle prinsen. Eigentleg var han for gammal til å vera krigsflygar, og hadde og skrantande helse etter mange tidlegare flystyrt, men fekk under tvil lov til å fly rekonosering over tyske styrkar i Frankrike. 31.juli tok 44 åringen av frå flybasen på Corsica, men han kom aldri tilbake. Tilsynelatande forsvann han sporlaust. I 1998 fekk ein fiskar utanfor Marseille ein gjenstand i garnet som viste seg å vera ei armlenke med navnet til Antoine og kona Consuelo. Eit par år seinare vart det også funne vrakrestar som nokså sikkert stamma frå flyet til Antoine de Sainte-Exupéry. Det er usikkert om han vart skote ned av tyske fly eller styrta av annan årsak.
Desse funna vekte stor oppsikt i Frankrike der Sainte-Exupéry er  ein på mange måtar myteomspunnen nasjonalhelt. Dagen i dag vert markert ei rekke stadar i Frankrike.
Kva er det som er så spesielt med Antoine de Sainte-Exupery og kvifor er han meir kjent utanfor Frankrike enn dei fleste andre forfattar frå 1900 talet ?  Boka om den vesle prinsen er naturlegvis ein viktig faktor, ingen tvil om at han har nådd langt ut med forfattarskapet sitt. Kanskje er det og denne fascinerande kombinasjonen av aristokrat, poet, filosof , flygar, kvinnebedårar og krigshelt ? Mysteriet rundt hans død for akkkurat sytti år sidan bidreg nok og i stor grad til mytedanninga !
Antoine de Sainte-Exupéry vart fødd i ein adelsfamilie i Lyon 29.juni 1900. Han utdanna seg til flygar og hadde ein lang karriere som komersiell flygar på 1920-30 talet. Mellom anna flydde han dei nyoppretta postrutene i både Afrika og Sør-Amerika. I 1935 styrta han i Sahara i eit rekordforsøk mellom Paris og Saigon. Han og mekanikaren overlevde mirakuløst etter at dei vart funn av ein innfødd stamme. Dette inspirerte han til den filosofisk- poetiske boka ”Terre des hommes”( norsk omsetjing Vind, sand og stjerne). Rammefortellinga i ”Den lille prinsen” er også ein jagarflygar som styrtar i ørkenen og der han møter hovudpersonen. ”Terre des hommes” er og navnet på ein humanitær hjelpeorganisasjon som særleg arbeider med barns rettar, og som er inspirert av Antoine de Sainte.Exupérys tankar . I tillegg til bøkene skreiv han ei rekkje essay om filosofiske og kulturelle tema. Han hadde også billedkunstnarlege talent og orginalutgåva av ”Den lille prinsen” er illustrert med hans eigne teikningar.
I dag 31. juli minnest vi denne uvanlege mannen med så mange talent og så fascinerande livshistorie som ikkje  forsvann i det store ukjente saman med så mange andre krigsflygarar, men som vart løfta inn igjen i tida av eigne ord, spørsmål og myter !




50 francs seddelen før euroens tid med Antoine de Sainte-Exupéry og hans vesle prins

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar