søndag 6. juli 2014

Fatima og Vår Frue av Karmelberget

16.juli feirar vi "Vårfrue av Karmelberget", ein av dei viktigatse høgtidsdagane i året for alle karmelittar. Dagen har blitt feira iallfall frå 1400-1500 talet. Det er ein dag til minne om dei første karmelittbrødrene som heldt til på Karmelberget i Palestina på 1100 talet. Dei heldt til ved Eliasbrønnen og bygde kapell vigd til Jomfru Maria. Både profeten Elias og Jomfru Maria var desse brødrenes inspirasjon og vernehelgenar. Dei vart etter kvart kjent som Jomfru Maria av Karmelbergets brødre. Skapularet (sjå tidl. blogginnlegg) er alle karmelittars kjenneteikn, iflg. tradisjonen skal St. Simon Stock ha fått det første skapularet av Vår Frue av Karmelberget på 1200 talet. Difor er denne dagen kanskje framfor alt ein dag der vi takkar og gleder oss over Jomfru Marias særskilte omsorg for Karmelittordenen.
Sr.Lucia  den av dei tre visjonære barna i  Cova da Iria som fekk leva til høg alder,og som var den som formidla bodskapen frå Fatima ønskte primært å tre inn i Karmelittordenen. Av praktiske grunnar slutta ho seg som tenåring til Den heilage Dorotheas orden, og byrja sitt novisiat i Pontevedra i Spania. Etterkvart kom ho tilbake til Portugal, ønske om å få gå over til Karmelittordenen vart etterkvart sterkare og sterkare. I 1948 invilga pave Pius XII hennar ønskje, og ho kunne endeleg slutta seg til Den heilage Teresas Karmel i middelalderbyen Coimbra. Ho tok navnet Sr.Maria Lucia av Jesus og det reine hjertet. Her levde ho resten av  livet i bøn inntil ho døydde i 2005 nesten 98 år gammal. Lucia vitja Fatima ei rekkje gonger etter at ho gjekk inn  Karmel, og ho møtte både pave Paul og pave Johannes Paul. Ho var til stades i 2000 då pave Johannes Paul saligkåra dei to søskenbarna hennar.
Som eg tidlegare har skreve om hadde pave Johannes Paul ein spesiell relasjon både til Karmel og Fatima.
Slik knytes bodskapet frå Karmel saman med bodskapet frå Fatima. I sin kjerne er det så enkelt og klårt: Mora ( Vår Frue av Fatima/Karmelberget) som  peikar på Sonen og seier: " Det han seier dykk, skal de gjera." (Joh 2.5)




"Vår Frue av Karmelberget", Medellin, Colombia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar