torsdag 2. august 2012

Aleppo

Den syriske byen Aleppo er i medias  fokus etter at borgarkrigen i landet nådde byen i forige månad. Blodige kampar går utover sivilbefolkninga som blir meir og meir desperate. Det er tragisk og uforståeleg.
Aleppo er Syrias største by med vel 2,3 millionar innbyggjarar, det er også ein av verdas eldste byar men samanhengande busetnad frå ca 3000 f. Kr. Byen låg strategisk til langs Silkevegen og har sette mange regime og herskarar koma og gå. Men Aleppo har tradisjonelt vore ein by der ulike folkegrupper har levd fredeleg saman. Naturleg nok er omlag 80% sunni muslimar, men også andre muslimske grupper som shia muslimar og alawittar er representert. Byen var i dei første hundreåra dominert av kristne og byen har i dag ein stor kristen minoritet ca 12% (250.000). Dei er fordelt på mange ulike konfesjonar, det største kyrkjesamfunnet er dei gresk-ortodokse, men det er og mange gresk-katolske, armensk-ortodokse og syrisk-ortodokse. Den syriske kyrkja er ein av verdas eldste, dei braut med dei ortodokse etter myrkjemøtet i Kalkedon i 451 på spørsmålet om Kristi to naturar. Ein stor del av dei kristne i Syria generelt og i Aleppo spesielt er armenarar som flykta frå forfølgjing og massakrar i Tyrkia under Den første verdskrigen. I tillegg finn vi ei lang rekkje mindre kyrkjesamfunn her.
Aleppo har tidlegare hatt ein stor jødisk minoritet, som tradisjonelt levde i harmoni med kristne og muslimar.
Etter opprettinga av staten Israel har dei fleste flykta.


                                                     Aleppo sett frå Citadellet sentralt i byen.
Som eit apropos til det tragiske som no skjer i byen vil eg sitera den katolske  syrararen Habib Moussali
i boka "Christian Communities in the Arab Middle East":
"Skulle jeg nevne et sted som var karakteristisk for de ulike religionene som har levd ved siden av hverandre i Syria, vil jeg nevne Aleppo, der det finst en bulevard som heter " Elias IV Arabernes Patriark" etter Elias Muawwad, de gresk ortodokses patriark... På denne bulevarden, rett imot den kaldeiske St. Josefskatedralen, ligger den store enhetsmoskeen med sine fire fint uthuggede minareter hevet mot skyene. Rundt moskeen ligger en rekke kirker: Den syrisk-katolske St.Efremskirken, den melkittiske St. Georgskirken, den helt nye armensk-katolske kirken. På den andre siden av bulevarden, bak St.Josefskatedralen er kuppelen til den gresk-ortodokse St.Eliaskirken som er under bygging, klart synlig. Bak den viser den nye melkittiske kirken seg i det fjerne, og enda lenger borte kan man se klokketårnet til den armensk-ortodokse kirken. Betyr dette at vi er i et kristent distrikt? Nei, vi er i et av de nye distriktene hvor kristne og muslimer lever side ved side, i de samme husene."

                                                       St.Elias kyrkja

Forbøn: Herre, miskunn deg!
              Kristus, miskunn deg!
              Miskunn deg over Aleppo!
               

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar