torsdag 23. august 2012

Tor Jonsson

Når du er borte

Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik -
Eg veit ikkje kva det er .

Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg ein bortgøymd tone,
og dirrar imellom oss.

Dette diktet av Tor Jonsson (1916-51) er noko av det eg minnest best frå norsk undervisninga på gymnaset.
Eg tenkjer på det når vi ein augustdag på veg til Lomseggi, står utanfor husmannsplassen med den vesle stoga der han vaks opp.
Huset ligg tett ved stien til Lomseggi, på den andre sida av Bøverdalen skimtar vi Jotunheimen sine mektige fjell.  Her vaks han opp, her kjente han på einsemda, på uretten og heile baksida av bygdesamfunnet i Noreg i første halvdel av 1900 talet. Men her skapte han og stor dikting som kom til å leva lenge etter at han sjølv valde å gå ut av livet. Tor Jonsson var ein mangesidig mann, på den eine sida journalist og essayist med eit sterkt samfunnsengasjement og ein bitande ironi i polemikken sin, på den andre sida ein djupt einsam mann som skreiv personleg prega dikt om døden og kjærleiken. " Berre Kjærleik og død" kalla karakteristisk nok Ingar Sletten Kolloen sin biografi om Tor Jonsson som kom i 1999. Mange var vi nok som gjennom den følte at vi kom denne særmerkte diktaren litt meir inn på livet. Men ingen kom han vel eigentleg inn på livet, i eit av dei siste dikta skriv han: " Meg kan ingen rose eller laste/ for ingen kjenner meg, og ingen kjem meg nær."
Det var ikkje noko langt liv han hadde bak seg då han til slutt fekk kvila på Lom kyrkjegard med utsyn mot  stavkyrkja frå Mellomalderen, men han sette likevel djupe spor etter seg. Diktinga hans kan kanskje verka mørk, vonlaus og innadvendt, men her er og satire, ironi og humor og dessutan undring, undring over det vi er og det ukjende mysteriet rundt oss. Eit døme på det er det vakre vesle diktet med tittelen " Å dikte".

Å dikte er å vera
det vesle som ein vart
og sleppe kvite fuglar ut
i nattesvart.

Å leva er å vera
det store som ein er
og stå i einsleg undring
og høyra fuglar flyge inn
frå ukjend verd.


                                    

Husmannsplassen Kroken der Tor Jonsson vaks opp saman med mora og søstera. Huset ligg like ved stien som går opp til Lomseggi.

Gravsteinen til Tor Jonsson på Lom kyrkjegard


                                              Stavkyrkja i Lom sett frå gravstaden til Tor Jonsson

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar