fredag 24. august 2012

Poetica:La tempesta di mare

"La tempesta di mare", Antonio Vivaldis (1678-1741) konsert i F-dur.
Det er som ein kan høyra bølgene og vinden som riv i segla. Her i  Europa Galante og Fabio Biondi sin versjon, men først mine refleksjonar.


”La tempesta di mare”.

   (Antonio Vivaldi: Concerto RV 570 i F dur)

Salt sjø drypper frå fiolin stengene

bogen som glir i elementas tempo

dette skummande inferno

der himmel og horisont blir viska ut

baugspryd og stagsegl spiddar

dei mørke, skummande uhyra

det knakar lagnadstungt frå stormasta

oboens djupe treklang

føl den revnande fokka

når skipet krenkar

og bølgene skyller dekket reint

klamrar Antonio seg til roret

det raude håret stivt av salt og vind

men blikket fast og speglande

dei spinklare fløytetonane høyrest

i stormens brutale leik i vantet.

Er dette undergongen

eller berre opninga til ein våg

dei aldri hadde høyrt om

inne i den rolegare largo satsen

der vinden løyer, bølgene stilnar

frelsa eller den våte døden

vi skal søkka inn i

djupet mildt omfavnande i F-dur.

 



http://www.youtube.com/watch?v=v4GUxuCtLes




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar