søndag 5. august 2012

Edith Stein

9.august feirar vi  minnedagen for Den Heilage Edith Stein (1891-1942), eller Teresa Benedicta av Korset som var klosternavnet hennar. Edith Stein er  ein av Europas seks skytshelgenar.
9.august er sannsynlegvis dødsdagen hennar i Auschwitz gasskammer.
Ei veke tidlegare hadde SS møtt opp i karmelittklosteret i Echt i Nederland der Edith hadde blitt overført fire år tidlegare for å sleppa unna nazistanes jødeforfølgingar.Kort tid før dette hadde biskopane i Nederland kome med eit hyrdebrev der dei fordømte jødeforfølgingane. Som eit reaksjon på hyrdebrevet vart alle katolikkar med jødiske bakgrunn arrestert, også Edith Stein og hennar eldre søster Rosa. "Vi går for vår folk" seier Edith til søstera då dei vert henta av SS. Kort tid etter møter dei begge døden i gasskammeret. Edith blir martyr i dobbelt forstand både som jøde og katolsk ordenssøster.
Edith Stein vart fødd i den tyske byen Breslau(som no ligg i Polen) av jødiske foreldre. Ho viste seg tidleg svært evnerik og vart elev av filosofen Edmund Husserl. Ho arbeidde med hans fenomenologiske filosofi, seinare prøvde ho å sameina denne med Thomas Aquinas tenkning.
Som ung tok ho avstand frå religionen og rekna seg som ateist, men gradvis nærma ho seg kristendomen, og etter å ha lest Teresa av Avilas sjølvbiografi vart ho overtydd om at dette var sanninga. I 1922 vart ho døypt katolsk, og i 1933 vart trådde ho inn i karmelittordenen der ho avla sine evige løfter i 1938. Også som karmelittnonne held ho fram sitt intelektuelle arbeid, hennar sist og ufulllførte verk var ein analyse av Johannse av Korsets teologi som hadde tittelen "Korsvitenskap"
(Kreuzewissenschaft). Edith Stein vart  saligkåra av pave Johannes Paul i 1987 og 11 år seinare vart ho helgenkåra .
Edith Stein  var kompromisslaus i si leiting etter og kjærleik til sanninga. "I henne er allting sanning" sa Edmund Husserl. Til sist fekk ho sjå at sanninga ikkje er eit abstrakt filosofisk omgrep men ein konkret person.
I samband med søstera Rosas dåp skreiv Edith Stein eit dikt som nok og fortel mykje om hennar sjølv. Det er vel noko av det vakarste som er skreve om dåpen.

Heilag natt

Min Herre og Gud,
du har ført meg ein lang og mørk veg,
hard og full av steinar.
Kreftene mine ville ofte svikta meg,
og eg vågde nesten ikkje å vona å få sjå lyset igjen.
Men når hjarta mitt stivna i den djupaste smerte,
då steig ei klar og mild stjerne opp for meg.
Den leia meg trufast - og eg følgde den,
først tvilande, men så med større og større tryggleik.
Så stod eg endeleg ved Kyrkjas port.
Den vart opna - eg bad om å få koma inn.
Gjennom din prest vart eg helsa med di velsigning.
Stjerne etter stjerne lyste opp mitt indre.
Raude julestjerner viste veg til deg.
Dei leia meg fram.
Den løyndomen som eg hadde måtta bera djupt i hjarta mitt
får eg no forkynna høgt:
Eg trur, eg bekjenner!
Presten  leia meg opp trappetrinnet til alteret -
Eg bøyer meg ned -
og det heilage vatnet strøymer over hovudet mitt.





Edith Stein og Maxmillian Kolbe. Glasmåleri i Kassel av Alois Plum.

""Dess djupare nokon blir dregne inn i Gud, desto meir må han gå ut av seg sjølv, dvs. tre inn i verda for å føra det guddomelege livet ut der."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar