tirsdag 21. august 2012

Klosterøya Selja

"Høyt oppe lyser den lille ruinen av Sunnivakirken, og bakom den gaper helleren inn i berget - det eldste kirketak i Norge, og det eneste som står som vi har grunn til å tro, Sankt Olav har knelt under.Han landet på Selja da han kom hjem for å vinne Norge og føre Olav Tryggvessons kristningsverk videre.
Fra hellerens åpning har en utsyn over Nordsjøen og bukten  nedenunder, der brenningen glitrer hvitt over skjærene bestandig, og en klokkebøye et sted ute ved pynten av Stattlandet sukker og klinger svakt og fjernt og uopphørlig. Under en i luften kretser måkene og skriker - stimler sammen og larmer iltert, når fiskeørenen i hammeren blir nærgående.
De sommer dagene jeg var der ute for noen år siden var det fint vær - høye drivende skyer som solskinnet silte ut av, så det glitret svakt og flekkevis ute i havet og lyste opp her og der over øens gule myrer og grønne gressvoller." Slik skriv Sigrid Undset i essayet  "Sankta Sunniva og Seljemennene" om sitt møte med klosterøya Selja. Eg kunne gjort orda til mine eigne når vi kjem der ein vakker seinsommardag med  sol og blikkstille hav mot Stadt landet. Det er ein kort båttur ut til øya frå havna i bygda Selje, så ein halvtime å gå på stien ut til klosterruinane og Sunnivahola. Turen ut gjer at forventninga stig, denne staden er ulik alle andre her i landet, her står vi i bokstaveleg forstand ved byrjinga til kristendomen i Noreg. Det er eit historisk sus over Selja, naturen er storslått og overveldande, men her er og noko meir. Dette er ein stad der skillet mellom denne sida og det hinsidige er så tynn at ein nesten kan få eit  glimt av det andre, men bare nesten for mysteriet vil alltid vera der.
Selja vart  det første pilgrimsmålet i Noreg, og det nest viktigaste etter Nidaros med St. Olavsskrinet. Her var det første bispesetet på Vestlandet fram til 1170 då både biskopen og Sunnivaskrinet vart flytta til Bjørgvin.
I følge historia kom kongedattera Sunniva frå Irland til Selja då ho flykta frå giftarmål med ein heidensk vikinghøvding.
Dei vart truga av fastbuande og søkte tilflukt i hellaren som det er bilete av under, steinar fall ned og løynde dei for forfølgarane. Seinare vart det funne beinrestar her, og inst i hola liket av  Sunniva som var heilt og uskadd. Det vart opphavet til kulten kring Sunniva og Seljemennene som fram til Reformasjonen vart høgtida Seljumannamesse 08.juli. Utover 1200-1300 talet vart klosteret nedanfor Sunnivahola bygd opp, det vart dreve av benediktinarmunkar og vigd til St. Alban. I dag ligg det meste i ruinar men tårnet er restaurert og har fått ny klokke som kan høyrast utover Selja når den heilage messa igjen vert feira her ute.
Inst i hola er det ein altarstein, her er det nyleg tent lys og sett ned ikonbilete og rosenkransar. Kanskje dette igjen vert ein stad der ein søkjer for trøyst og tilbeding ? Selja som ikkje berre gjev historie og naturopplevingar men og den uendelege freden som sjela lengtar etter.


 Klosterruinane med Sunnivahola  i bakgrunnen. Ruinane etter Sunniva kyrkje framom hellaren.


Altersteinen inst i Sunnivahola. Ein heilag stad!


Klosteruinane med tårnet og Stadtlandet i bakgrunnen.


Offertoriet på Seljumannamesse: Anima nostar sicut passer erepta est, de laqueo venantium. Laqueus contritus est, et nos liberati sumus. Adjutorium nostrum in nomine Domino, qui fecit caelum et terram.( Vår sjel er blitt fridd ut som spurven av jegerens snare. Snaren er brutt sund og vi er blitt fridd ut. Vår hjelp er i Herrens navn. Han som har skapt himmel og jord."

I forgrunnen murane til Sunnivakyrkja der skrinet med relikviane stod fram til dei vart flytta til Bjørgvin i 1170.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar