fredag 24. august 2012

"Denne vigtige reise"

Utanfor Kvinnherad kyrkje i Rosendal står det ei lita gravstøtte frå syttenhundretalet. Dette gravminnet er over eit spebarn, i seg sjølv sikkert uvanleg i ei tid då dei fleste barn var anonyme i livet så vel som i døden. Innskrifta manar til ettertanke:" Her er begraven Christiane Herzberg fød døbt død i een uge 1787.Læser:Denne vigtige reise fuldførte jeg i 8 dage bedre end mange fuldføre den i 80 aar."
Det slår meg korleis desse orda bryt med det moderne mennesket si oppfatning av tilværet, vårt syn på livet og døden, men kanskje mest vår haldning til håpet. Foreldrene til vesle Christiane har nok kjent like stor sorg over sitt døde barn som vår tids foreldre ville ha gjort, men eg trur likevel dei hadde noko som vi har tapt eller held på å tapa. Eit perspektiv på tilværet der alt er ein del av ein meiningsfylt heilskap omslutta av håpet som forsonar oss med både livet og døden. Dette barnet har ikkje levd forgjeves i sin åtte sikkert lidingsfylte dagar. Trua på frelsa gjennom dåpens sakrament og håpet om ei siste oppstode løftar desse dagane ut av fortvilinga og meiningsløysa inn i varmen frå Guds omsorg.
"Denne vigtige reise" som vi alle er sendt ut på , og som vi ikkje veit når eller korleis vi kjem til å fullføra. Vi måler denne reisa i pengar og livslengde, det vellukka og fullførte livet er det som legg store synlege resultat etter seg. Kva så når reisa er over før ho knapt har byrja, eller når det heile vert ei samanhengande rekkje med ulukker og forlis ? Med vårt utgongspunkt vert vi lett overmanna av mørkre og djup fortviling der tidlegare tiders menneske augna ei meining, ein hensikt med alt som skjer.
Men håpet er ikkje og har aldri vore knytta til livslengde, materiell framgong eller fridom frå sjukdom og død. Håpet er å stå ved ei lita grav ein stad i historiens store, tause natt og veta at ein gong, ein gong gryr ein ny morgon der døden ikkje er.(1992)




Kvinnherad kyrkje. Gravsteinen står nede til høgre for koret i kyrkja

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar