Troskurs med undervisning for potensielle konvertittar. Temaet er denne gongen det katolske synet på Jomfru Maria. Det er ikkje alltid så lett å ta inn for dei som har ein protestantisk bakgrunn og har fått høyra at katolikkar “tilber” Jomfru Maria. Eg tek utgangspunkt i Det nye testamentet, og startar naturleg nok med Lukas første kapittel med skildringa av engelens bokskap til Maria og vitjinga hos Elisabeth.” Ver helsa du som har fått nåde” seier engelen til Maria. Tidsbruken er perfektum, Maria er alt nådefylt. Dette vart framheva av paven då Maria vart erklært fri frå arvesynd i 1854. Fire år seinare skal Jomfru Maria ha vist seg for den unge jenta Bernadette i Lourdes og erkært på den lokale dialekten: “ Que soy era Immaculada Concepciuo” ( Jeg er den uplettede unnfangelsen). Bernadette som knapt kan lesa og skriva, har ingen forståing av dette utsagnet, men det gjer sterkt inntrykk når ho fortel det til sognepresten. Går vi vidare i teksten kjem vi til det som for ettertida har blitt Magnificat - Marias lovsong der ho erklærar:”Og sjå,frå no av skal alle slekter prisa meg sæl.” Bibelteksten understrekar dermed den unike stillinga Maria skal ha for all framtid. Ho skal seinare bli erklært som Theotokos - Guds mor på konsilet i Efesos i 431.
Vi går vidare og kjem til det å be om Marias, og andre helgenars forbøn. I Johannes andre kapittel finn vi skildringa av bryllaupet i Kana. Maria ser det katastrofale for brudeparet,vinen har teke slutt, ho gjer Jesus merksam på dette med orda:” Dei har ikkje meir vin.” Ho peiker ikkje på ei løysing, men legg bare fram problemet, løysinga er Jesu sak! Maria ser dei nygiftes nød, og viser her at frå no er ho alle menneskers mor, ikkje bare Jesu mor. Maria blir ofte kalt:”Det gode råds mor”. Ho gjev oss gode råd men råda er alltid ein variant av dette : “ Det som Jesus seier til deg, det skal du gjera.”
I den vesle boka “Maria i Bibelen og i vårt liv” siterar Wilfrid Stinissen Den heilage Thérèse frå Lisieux:” Vær ikke redd for å elske Den hellige Jomfru for mye. Du kan aldri elske henne tilstrekkelig, og Jesus kommer til å bli svært glad, ettersom Den hellige Jomfru er hans mor.” Så lenge vi lar Maria vera det som ho er, nemleg vegen til Jesus, er det ingen fare for at ho skal innta for stor plass i våre liv. Problemet kan bare oppstå når vi klipper av bandet som bind henne til Jesus og til Kyrkja og dermed gjer henne til noko ho ikkje er.
Kanskje lukkast eg med å gjera dette meir forståeleg. Vi innleiar med Angelus og avsluttar med Salve Regina,