tirsdag 25. mars 2025

Maria bodskapsdag

 “ Ordet ble menneske av kjøtt og blod og oppslo sin bolig blant oss. I opphavet var han hos Gud. Og  oppslo sin bolig blant oss. Ære være Faderen og Sønnen og Den hellige Ånd.”

(Responsorium for vesper denne dagen)

I dag 25. mars feirar vi ein av årets viktigaste høgtidsdagar, Annuntio Domini - Herrens bebudelse som er det offisielle navnet etter den siste liturgireformen i 1969. Dagen har vorte feira som ein Mariafest frå dei første hundreåra, og det sentrale i dagen er Marias JA! til engelens bodskap. Vi feirar dagen til minne om inkarnasjonen ,Gud vart menneske. Jula blir rekna ut frå denne dagen og ikkje det motsette. Frå gammalt er dagen kjent som Maria bodskapsdag eller Vår Frue messe om våren. Dagen har levd i tradisjonen også i det protestantiske Norge like opp til vår tid. Mi bestemor (f 1894) tala om denne dagen som “Voffremyss”.

“Guds natur og menneskets natur,Guds vesen og menneskets vesen, forble slik de var, men de kom sammen i en person.Dermed iførte kongeverdigheten seg ringhet, kraften svakhet,evigheten dødelighet.For å betale vår gjeld forenet Guds uforgjengelige natur seg med vår forgjengelige.”

( pave Leo den store 440-461)




søndag 23. mars 2025

Pave Frans i bedring

 I dag kom den gledelege meldinga om at pave Frans er helsemessig i bedring  og i løpet av kort tid kan utskrivast frå  Gemelli sjukehuset til sin residens St. Marta i Vatikanet. Dei siste to vekene har tilstanden vore stabil og han skal fleire gonger har etterspurt når han kunne skrivast ut. Paven er 88 år og har heilt frå   ungdomen hatt dårlige lunger. Det er no snart 40 dagar sidan har vart innlagt med alvorleg lungeinfeksjon på begge sider. Ved fleire høve var tilstanden kritisk, og det var på ingen måte sikkert at han ville overleva. Det sette i gang nokså premature spekulasjonar om kven som blir den neste paven. Men han kom seg gradvis takka vera god behandling av Dr. Sergio Alfieri og Luigi Carbone og deira team, dessutan av forbøn frå millionar av truande. Kvar kveld var det Angelus på Petersplassen for paven, og det skal ha kome tonnevis av post til Vatikanet med ønskje om god bedring !

Paven kjem altså tilbake til sin residens, men har er svekka etter den langvarige sjukdommen og har til dømes ikkje særleg styrke i røysta. Sannsynlegvis treng han to månadars rekonvalesent. Det er fleire viktige punkt på pavens program framover, først påskefeiringa som han nok ikkje vil vera i stand til å leia. 27.april er det ei viktig heilagkåring på Petersplassen, nemleg Den salig Carlo Acutis som døydde 15 år gammal i 2006. I mai var den planlagt reise til Tyrkia i samband med 1700 års markeringa av konsilet i Nikea. Det spørs om den svekka paven kan gjennomføra det. I dag viste han seg for første gong offentleg frå balkongen på sjukehuset i samband med Angelus bøna. Han såg ut til å vera med godt mot men svekka.

Sjølv om pave Frans har kome seg igjennom denne alvorlege sjukdomen er han ikkje ein sprek 88 åring og sånn sett statistisk avgrensa levetid igjen. Spekulasjonar om kven den neste paven blir har ikkje noko for seg, det har sjeldan vore dei mest sannsynlege kandidatane som har nådd fram i den siste avrøystinga i Det sixtinske kapellet. La oss heller be om at pave Frans kjem til krefter og kan halda fram som leiar av Kyrkja enn ei stund!



torsdag 13. mars 2025

Denne trongen til å reise langt

 The Urge to Travel long Distances - Denne trongen til å reise langt er ei diktsamling av Robert Bly utgjeven i 2005, eg fann henne på Mammut-salget! Omsetjing ved Odd Goksøyr, men heldigvis også med orginal teksten på engelsk. Robert Bly (1926 -2021) amerikansk poet, essayist, omsetjar, samfunnsdebattant og aktivist. Han hadde norske aner (Bleie i Hardanger), hadde opphald i Norge og omsette frå såvel norsk som svensk og dansk. Han var god ven med Olav H. Hauge og Tomas Tranströmer. Han var rotfesta i Minnesota og budde der det meste av livet, men han var og internasjonalt orientert som tittelen på denne diktsamlinga viser til. Diktinga hadde referansar til såvel verdslitteraturen  som til gamle myter og religiøse skrifter. Han hevda og at poesien ikkje berre er ord, meining, intelektuelle uttrykk, men og  det fysiske og kroppslege. Det kom tydelege til uttrykk når han på scenen framførte eigne dikt. Mot slutten av livet dukker det ikkje uventa opp dikt om død, tap og sorg, men med eit forsonande og ofte leikande og humoristisk preg. Før han blir for prega av demens seier han følgjande:

" Robert, du har kasta vekk så mykje av livet der du sat inne og skreiv dikt. Ville du gjera det igjen ? Eg ville, ja tusen gonger."

Spring Night

Tonight, after riding, and translating a few poems 

from the danish,

I sawed off wild shoots from the box elder trees.

In the spring night we are not content to be home.

we have urges to travel long distances in the misty dark.


What Olaf Bull said

Believe in happiness, Sieglinde try!
                                   Olaf Bull

Happiness is the wind rising
In a field of young plants

Is a new- fallen apple
Found in the dark earth

Far from the orchard
In plowing time.




Kvinners plass i Kyrkja

 Debatten i Vårt Land med utgangspunkt i teolog Gyrid Gunnes innlegg med overskrift:"Et syn som har gått etisk konkurs" med hentydning til det katolske  synet på prestedømet.


Det store skilje mellom katolsk og protestantisk syn på prestedømet og ekteskapet er at Den katolske kyrkja ser på dei som sakrament, og såleis ikkje utan vidare kan bli endra gjennom fleirtalsvedtak. Det blir difor korkje kvinnelege prestar eller likekjønna ekteskap i overskodeleg framtid. Ein står fritt til å meina kva ein vil om dette, men det blir sjeldan ein fruktbar dialog.

Då er det meir interessant å sjå på kvinnas stilling i Kyrkja gjennom historia fram til i dag. Det trengst eit tydeleg og  meir kvinneleg nærvær i Kyrkja har pave Frans uttalt. Han har heller ikkje lete det vera med ord, men har utnemnt fleire kvinner til leiande stillingar i Vatikanet. Det kjem ikkje fram i norske media men 1. mars i år vart Sr. Rafaella Petrini (f. 1969) historisk i det ho vart utnemnt til president for Vatikanstatens guvernorat, dvs. ho har det høgste ansvaret for dagleg drift. Det er ein stilling som berre kardinalar har hatt tidlegare, no må dei retta seg etter ein kvinneleg sjef! I fjor haust fekk Sr. Simona Brambilla ein tilsvarande leiarstilling. Frå knapt nokon posisjonar for eit par tiår sidan, har kvinner no godt over 20% av stillingane  i Vatikanet. Vi vil ikkje få kvinnelege prestar, men vi kan få sjå at eit fleirtal  av leiande stillingar i Vatikanet er fylt med kvinner ? Dette gjeld også på lågare nivå som bispedøme og lokale sokn. Eg har ikkje statistikk på det, men inntrykket er at kvinner står for storparten av arbeidet i sokneråda. Ein kan naturlegvis sjå dette  som eit steg mot likestilling, i tillegg får ein ofte betre struktur på ting med kvinnelege leiarar !

Ei interessant problemstilling er om det kvinneleg har ein tydelegare plass i katolsk enn i protestantisk kristendom trass i ulikt syn på prestedømet ?  Kva rolle spelar isåfall  Maria og dyrkinga av kvinnelege helgenar ? Var det mest negative ved Reformasjonen at vanlege kvinner og menn i Nord-Europa vart fråteke Jomfru Maria ? Det kvinnelege har vore der heile tida trass i at Kyrkja frå utsida sett  har vore mannsdominert, både Den katolske  og dei protestantiske. Frå kvinnene ved Jesu grav, via kvinner som Lydia i Apostelgjerningane, vidare Mellomalderens sterk kvinner som Birgitta, Katarina og Teresa til moderne tid med ein andeleg fonyar  og kyrkjelærar som Thérèse frå Lisieux for til slutt i vår tid å gje oss helgenkandidatar som nordirske Clare Crockett (1982 -2016)som har inspirert  tusenvis av unge. Sjølvsagt og  dei mange tusen ukjente kvinnene som har bore Kyrkja gjennom gode og onde dagar, både legfolk og ordenssøstrer. Kanskje det kan bli ein meir fruktbar diskurs enn eit einsidig fokus på presterolla ?

 

                                            Maria alteret i St. Olav domkyrkje i Trondheim

lørdag 8. mars 2025

Dei heilage Perpetua og Felicitas

 7.mars feirar vi minnedagen for dei heilage Perpetua og Felicitas som lei matyrdøden denne dagen sannsynlegvis i år 203. Perpetua var fødd inn i ein adelsfamilie der mor var kristen men faren heidning.Ho var gift og hadde eit barn på eit par månadar som ho amma då ho vart arrestert saman med sin jamnaldrande slace Felicitas og fire menn. Felicitas fødd ei datter like før dei vart martyrar på stadion i heimbyen Kartago. Keiser Septimus Severius var først positiv til dei kristne men sette seinare i verk forfølgingar. Alle dei seks var katekumener fast overtydd om si kristne tru. Historien om desse martyrane er noko av det som er best dokumentert frå denne tida, dels er det skreve av Perpetua sjølv dels av andre etter deira død. Ho skriv om fleire visjonar i dagane før døden,der ho ser for seg eigen lagnad. Ho ser seg sjølv gå inn til Himmelen på ein stige, og ein annan gong ser ho for seg at ho trampar på Satans hovud. Då dagen er komen for martyriet går dei inn på stadion der villdyra venter “ med muntre, tapre miner som om dei var på veg til Himmelen.” Dei blir ikkje drept av villdyra, men måtte henrettas med sverd. Historien om Perpetua og Felicitas spreidde seg på kort tid over heile Nord-Afrika og vart lest opp i kyrkjene. Deira navn kom etter kvart inn i den romerske kanon der vi i messa minnest dei saman med apostlane, andre martyrar og alle heilage menn og kvinner.




Heilage Perpetua og Felicitas be for oss!