fredag 28. februar 2025

Pave Frans og nye helgenar

 Ein sterkt svekka pave Frans har vore innlagt på Gemelli sjukehuset i snart to veker. Den 88 år gamle paven har dobbelsidig lungeinfeksjon, og tilstanden var lenge kritisk, men det ser no ut til at han er i gradvis bedring. Truande over heile verda har samlast i bøn for pave Frans. Kvar kveld på Petersplassen har vi digitalt kunne delta i Rosenkransbøn for paven! Etter som paven tilstand har betra seg har han vore istand til å gjenoppta ein del av sine oppgåver som leiar av Den katolske kyrkja, mellom anna arbeidet  med nye heilagkåringar. Fem katolikkar har nådd det andre steget på veg til helgenstatus og blitt erklært som “ ærverdige”, mellom dei den amerikanske presten Emil Kapaun ( 1916-1951) og den italienske legmannen Salvo D’Acquisto ( 1920 43).Dessutan blir det heilagkåring av to salige Guiseppe Cisneros frå Venezuela og Bartolo Longo frå Ialia. Den salige Bartolo Longo ( 1841-1926) var ein advokat frå Napoli som var negativ til Kyrkja, men etterkvart vart omvendt, og stod bak Rosenkrans - heilagdomen i Pompeii der han og er gravlagt.

Pave Frans innførte i 2017 eit nytt omgrep i heilagkåringsprosessen nemleg “livsoffer” som skil seg frå sakene basert på martyrium eller “heroiske dyder”. I omgrepet ligg det at kristne som “ ved å følge mer enn tett i Herren Jesu fotspor og lære, frivillig og fritt har ofret sitt liv for andre og holdt ut med denne besluttsomheten helt til døden.” Pater Kapauns “livsofferet” er godkjent av pave Frans og hans status har gått frå “Guds tjener” til “ ærverdig”. Emil Joseph Kapaun blei fødd i Kansas i 1916, han vart prestevigd i 1940 og tjenestegjorde som feltprest under Den andre verdskrigen og i Koreakrigen. Han døydde som krigsfange i 1951. Hans levningar vart identifisert i 2021 og han vart bragt tilbake til heimlandet.Pater Kapaun var ein uvanleg from og modig mann med stor omsorg for sine med soldatar. I tida som krigsfange er det mange vitnemål frå medfangar korleis han trøysta og hjelpte andre heilt utan tanke på seg sjølv. Ein heilagkåringsprosess vart innleia i 1993.


                                   Rosenkransbøn for paven på Petersplassen.


søndag 16. februar 2025

Koptiske martyrar

 15.februar er minnedagen for dei koptiske martyrane som vart drept av IS i Egypt for nøyaktig ti år sidan. Drapa vart filma og distribuert av IS, og mange hugsar nok bileta av dei 21 oransje kledde mennene men ein IS bøddel bak seg! Dei var 21, 20 egyptisk koptiske kristne og ein frå Ghana. Ghanesaren Matthew erklært at « deira Gud er min Gud» , og gjekk saman med sine trusfeller i døden. Martyrane var fattige bygningsarbeidarar som høyrte til Egypts koptiske minoritet, dei var djupt grunnfesta i si tru som dei heldt fast ved like inn i martyrdøden. Alle vart etter kort tid erklært som martyrar av den koptiske paven. I 2023 erklærte også pave Frans dei som martyrar. Det var første gong koptiske kristne vart erklært som martyrar i Den katolske kyrkja. Levningane av dei 21 martyrane vart i 2018 identifisert og førte tilbake til Egypt, der dei i dag kviler i ei nybygd kyrkje. Dei er til inspirasjon og støtte for alle forfølgde for si tru i dagens turbulente verd!

I høve 10 års markeringa er det lagd ein animasjonsfilm om martyrane, den kan fritt søkast opp på www.the21film.com




lørdag 15. februar 2025

Zweig og Bernanos i fortvilingas mørke

 Den franske forfatteren Sébastien  Lapaque kom nyleg med boka "Sjakkmatt i paradis" omtala på den katolske internettsida Aleteia. Det er ein tenkt dialog  mellom dei to store forfattarane frå forige hundreår. Georges Bernanos og Stefan  Zweig. Begge levde i eksil i Brasil under Den andre verdskrigen, og skal visstnok ha møttest kortvarig i Barbacana kort før Stefan Zweig valgte å ta livet sitt saman med kona Lotte. Lapaque konstruerar ein dialog mellom desse to store,ein dialog som rører ved dei store spørsmål i tilværet, dei spørsmål som kan driva oss inn i mismot og fortviling og til slutt inn i den sjølvalgte døden slik Zweig gjorde. Verdssituasjon i 1942 innbydde  ikkje til optimisme,ondskapens krefter inkarnert i nazismen såg ut til å sigra. For begge desse eksil-forfattarane glei denne politiske melankolien over i metafysisk fortviling, det er også hovudtema i Lapaques bok. Men det er ein grunnleggjande forskjell mellom ateisten Zweig og katolikken Bernanos, ingen av dei er optimistar på vegne av verda, men Bernanos har noko utover verda og som mange ser ut til å ha tapt. Før krigen skriv han: " De massakrene som forberedes vil ikke ha noen ende fordi de ikke har noe mål. Vi vil ikke kjempe for en tro, men av raseri over å ha mistet den." 

Den østerisk-jødiske forfattaren Stefan Zweig (1881-1942), kjent for bøker som "Verden av i går" og "Sjakknoveller" hadde flykta til England i 1934, og vidare til Brasil i 1940, der fann han sin død og kom aldri tilbake til eit Europa i ruinar. Prega av metafysisk pessimisme, men utan eit metafysisk perspektiv ,  eller som Louise Gluck skriv: " at the end of my suffering there was a door." I den imaginære dialogen mellom desse to oppfordrar Bernanos til von sjølv om han og ber på denne metafysiske fortvilinga. « Ikke tro at jeg skal være mindre overveldet av angst enn du er. Men Gud gir meg noen ganger nåden til  å finne fred i selve denne kvalen….. Det er nok å tenke på at Han delte den på Oljeberget.» Kjem vi djupt nok ned i fortvilinga vil Kristus venta på oss der. Eller som Bernanos hovudperson i « En landsbyprests dagbok», presten som på mange måtar har mislykkast men stilt overfor døden innser han at alt er nåde!



 



mandag 10. februar 2025

Tre favoritter - Kvinnelege dirigentar

 



Tre favoritter: Kvinnelege dirigentar

1.      Maja Flagstad (1871 -1958) kom frå ein musikalsk familie og vart  tidleg aktiv i hovudstadens musikkmiljø. Ho var pianist og akkompagnatør, kordirigent og kapellmeister. Store deler av livet var ho aktiv som songpedagog også for sine to døtre som begge vart operasongarar. Den eldste var den verdskjente sopranen Kirsten Flagstad. Dei to sønene vart og musikarar lik foreldrene og søstrene.

2.      Nadia Boulanger (1887-1979) vart fødd i Paris, faren Ernest Boulanger gav henne tidleg musikkundervisning og ho viste seg å ha eit uvanleg og mangesidig musikalsk talent. Gjennom eit langt liv verka ho som pianist, organist, komponist, dirigent, forskar og pedagog. Ho var den første  kvinna som dirigerte dei store symfoniorkestera i Europa og USA. Men det var som pedagog ho gjorde sin største innsats, fleire hundre komponistar og musikarar har hatt  henne som læremeister !

3.      Tabita Berglund ( 1989 -) Å leia store orkester var inntil nyleg noko som berre menn fekk driva med. Men dei siste tiåra har det kome til ei rekkje yngre kvinnelege dirigentar som ikkje står tilbake for sine mannlege kollegaer. Ein av dei er  Tabita Berglund  frå Trondheim, først utdanna til cellist, men vart så fascinert av dirigentrolla at ho også tok dirigentutdanning. Det var ikkje eit dumt val, ho har seinare  hatt ein strålande karriere både i Norge og internasjonalt.



Innlegg i Dag og Tid 7. februar




lørdag 1. februar 2025

Nicaragua - eit brutalt diktatur

 Eg har nyleg skreve om karmelitt- nonnene frå Compiégne som nyleg vart heilagkåra av pave Frans. Dei vart offer for forfølgingane under Den franske revolusjonen, i 1790 vart dei tvungne ut av klosteret sitt, fire år seinare lei dei martyrdøden. Historia gjentek, for to dagar sidan vart St. Klara nonnene i to kloster i Nicaragua på kort varsel jaga ut av klosteret sitt.Dei 30 nonnene i Managua og Chinandega fekk bare ta med seg det mest nødvendige før representantar for styresmaktene tvinga dei ut av klosteret deira. Dette er ikkje noko nytt, sidan 2018 har det vore meir enn 1000 dokumenterte åtak på kristne spesielt Den katolske kyrkja i dette vesle og fattige Mellom- amerikanske landet. På 1980 talet var det mange som såg opp til sandinistregimet i Nicaragua og deira mål om eit sosialt rettferdig samfunn. Seinare har det som så ofte før utvikla seg til eit brutalt diktatur under president Daniel Ortega. Dette har særleg gått utover Den katolske  kyrkja som er det største kyrkjesamfunnet, men òg protestantisk kyrkjer og andre frivillige organisasjonar 

Sidan 2018 har 245 geistlege inkludert fleire biskopar blitt utvist frå landet. I desember i fjor kom ein regjeringsordre om at at alle nonner skulle forvisast  og deira eigedom konfiskert! Forbodet mot religiøse organisasjonar har spesielt gått ut over det hjelpearbeidet som blir utført blant dei fattigaste. I utgangspunktet var det ikkje eit konfliktfylt forhald mellom Kyrkja og sandinistregimet. Mange  geistlege støtta revolusjonen, den meste kjente er vel Ernesto Cardenal som sat i regjeringa ein periode. Det vart sterkt kritisert av pave Johannes Paul som ikkje såg med blide auge på at geistlege engasjerte seg politisk i marxistisk inspirerte rørsler.Seinare har det gått frå vont til verre.Nyleg vedtok nasjonalforsamlinga ei grunnlovsendring som gjev president paret Daniel Ortega og Rosario Murillo  full kontroll over statsapparatet!


Be for dei forbølgde i Nicaragua og resten av verda!