lørdag 11. februar 2023

Olav Nygard - livet og døden

 Olav Nygard vart ingen gammal mann  då han sovna inn 11. februar i 1924.I dag er det 99 år sidan diktaren gjekk ut av tida! Han hadde lenge vore sjuk og etter kvart sengeliggjande med tuberkulose som skar over livstråden til så mange unge på denne tida. Han var glad i livet sjølv om døden lenge hadde vore nær han. Han gledde  seg  utan tvil storleg over sonen Sigurd som var fødd i 1916, og som fekk det storslagne diktet «Til son min». Eit dikt som det knapt minst maken til! Som ein lagnadens lune fekk sonen same sjukdom som faren og døydde i moras armar berre 19 år gammal. 

Som ung kom Olav ein dag heim frå fjellet og  kledde seg i helgeklede, han hadde sett to soler på himmelen. På slutten er det sola som skal lysa han heim. « No ser eg ikkje at de er her» seier Olav, og litt seinare: « No høyrer eg ikkje at de er her» , og deretter :« Eg ser ei sol….»  Rakel svarar « Det er sola som skal lysa deg heim, Olav.» Han svarar: «Ja», og det vert det siste ordet frå diktaren.

I 1907 gjekk Olav på folkehøgskule i Ørsta, her møtte han Petra Krøvel som gjekk i same klasse. Dei vart forelska og seinare forlova. « Eg hev ei liti gjenta, so ljos som sumarsky; det er som soler verdi fyller naar handa ho meg byd». Stor var sorga då ho året etter døydde brått og meiningslaust. Ho var hans store livslange kjærleik, og hennar død kom til å prega både livet og diktinga hans. Men Olav har ikkje berre eit negativ bilete av døden, han har sett inn i den andre verda, « den vaaren fyrehenge rivna.» Det er noko meir, ein kan og møta døden med «sigersmil» (Eg vart vald til svarberg) I diktet ved « Ved gravferdi hennar Petra Krøvel» skriv han:

Du tarv kje fæla

for heimsens stormar no;

i evig sæle

du syng med siger-ljod.


Seinare dukkar døden opp som tema i fleire av dikta hans, kanskje ved sida av svevnen, den vesle døden, som og kan « vokeverken stogge». Natta er velkomen slik døden og er det til slutt som i diktet « Velkoma natt»:

Og takk for hjelpa skymingsdros.

Kor ofte må du koma att

fyrr ho vil sløkkja mine ljos

di mor, den djupe ævenatt ?


Men han hadde erfart at døden og kan ramma uventa og brutalt på ein måte som det er vanskeleg å forstå i vår trygge tid ! Ljåmannen  stig brått fram som i diktet  « Til ljaamannen»:

Stig fram or lauvhengløyne der du kviler med blomeband -  er det din dølne ljaa?

I « Timann skrid undan» som vel er eit av hans beste dikt iflg. Claes Gill , er det livslaupet fram mot døden  vi føl, men når døden bankar på er det porten til noko anna som opnar seg, det evige og uendelege. Dei siste linjene peikar fram mot dette, det er stor dikting!

Er det kje einstad i rømdenn ein avdøles stad

gøymd og fordrøymd og lagd ut um all livgjeven lagnad

der vil eg dorme med solheimar sloknar i rad,

vogge og stille min svidande saabrand til tagnad.

Til slutt fekk han stilna sin « vokeverk» og fekk gå inn til ljoset denne februardagen for nøyaktig 99 år sidan.



No kvil deg, fot; no hev du vunne fram;

her søv mitt fjell i varme sumarvindar.


2 kommentarer:

  1. Er det fortsatt interesse for de første små bøkene hans?

    SvarSlett