mandag 20. februar 2023

Om menn og venskap

 Kva er det med venskap mellom menn, venskap som tek slutt, venskap som blir fornya etter mange år, venskap som varer livet ut! Vi har hatt tre kulturelle opplevingar som illustrerar dette. Først filmen “ The Banshees of Inisherin” frå eit lite lokalsamfunn på ei irsk øy for hundre år sidan. Regissør Martin McDonagh skildrar dei to venene Colm ( Brendan Gleeson) og Padraic ( Colin Farrell) som ikkje lenger vil vera vener, eller rettare sagt det er Colm som ikkje lenger vil vera ven med Padraic som han karakteriserar som keisam og lite inspirerande, han vil heller vera åleine og utvikla musikken sin. Den naive og nokså enkle Padraic forstår ikkje så mykje av dette. Det utviklar seg til både humoristiske og groteske skildringar! Fantastisk filming og spel av alle medverkande! Men kva var det med dette venskapet? Det var kanskje ikkje på likefot, den ein gav meir og fekk mindre enn den andre? I eit lite lokalsamfunn som filmen skildrar kan ein heller ikkje velga og vraka kven ein skal omgåast.

I teaterstykker “Eg er vinden” av Jon Fosse som no går i Kilden, skildrar Henrik Rafaelsen og Morten Espeland to navnlause menn i ein båt, med regi av Tyra Tønnessen. Det er eit eksistensielt drama om venskap, om havet, livet og døden og kanskje særleg den døden ein vel sjølv når ein står på dekket og så let seg gli ned i bølgene og forsvinna. Dialogen er som alltid hos Fosse kort, enkel og gjentakande, men slik er vel og ofte menns samtale seg imellom ? Kjenslene er det ikkje lett å setja ord, ofte er det umogleg! 

Filmen “De åtte fjellene” ( Le otto montagne) basert på ein bestselgande roman av Paolo Cognetti er blitt sterkt oppskrytt og fekk publikumspris under fjorårets filmfestival i Cannes. Eg kan støtta opp om det, filmen var eit lite meisterverk. Vi møter dei to venene Pietro( Luca Marinelli) og Bruno (Alessandro Borghi) første gong som tolvåringar i 1984. Scenen er eit vakkert alpelandskap i Nord- Italia der Pietro frå Torino ferierar om sommaren samen med foreldrene. Han er einebarn  og knyter snart eit tett venskap med jamnaldrande Bruno som bur hos onkelen i den vesle landsbyen og hjelper han på gardsbruket. Dei to gutane spring rundt i dette paradisiske sommarlandskapet, og kven kan ikkje bli nostalgisk av det? Men sommarferiane tek slutt, og gradvis bleiknar venskapet, og mange år går utan kontakt. Begge har eit komplisert forhold til sine fedre, Bruno ser knapt noko til sin far, og Pietro er ikkje på talefot med sin far. Det han ikkje veit er at gjennom alle desse åra har foreldra hans halde kontakt med Bruno og hjelpt han, i ettertid oppdagar han at han kanskje meir til felles med faren enn han var klar over, men då er det for seint å gjera noko med det! Bruno og Pietro møtes igjen i fjellet, og tek opp det lenge fråverande venskapet. Det blir oppturar og nedturar og ein tragisk slutt! Begge slit med kva dei vil med livet og kvar dei valg dei gjer fører til. Tittelen “ De åtte fjellene” refererar til ein samtale Pietro har på ein av sine turar til Nepal, ein sirkel med åtte delar som symboliserar dei åtte fjella rundt omkring, og så i midten det eine høgste fjellet. Kven blir mest tilfreds eller får mest innsikt om ein vil leggja vekt på det? Den som fartar over alle dei åtte fjellet eller dem konsentrerar seg om det ein fjellet i midten? Det blir kanskje ein parallell til motsetnaden “somewhere - anywhere” som eit uttrykk for det moderne mennesket, globetrottaren som er heime over alt og på den andre sida den stadbundne, slik menneska har vore det meste av vår forhistorie! Vi får ikkje svar, men vi set attmed ei stor oppleving til ettertanke. Det er vakkert og nostalgisk, men på ingen måte banalt. Vi kjenner oss att i dette landskapet vi ikkje har vitja, men som likevel har ein parallell i våre liv! God film og godt teater løftar oss uansett litt ut av det grå og daglegdagse!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar