mandag 18. april 2022

Påskefeiring

 Ingen fjellpåske i år men høve til å følgja påskeliturgien frå Palmesøndag til byrjinga av Påskeoktaven i dag. Frå Kristi jublande inntog i Jersusalem, då han vart hylla med palmegreiner til Langfredags liding på korset , for så å enda i Oppstoda som vi feirar med lys og jubel Påskenatt.

Påskefeiringa som dei siste to åra har vorte kraftig amputert på grunn av smittesituasjonen skjer i år med bakgrunn i den brutale krigen i Ukraina. Brutaliteten  og ondskapen  i krigen  og blir på ein måte ein del av langfredagssmerten. Pave Benedikt  XVI skriv i sistre bind av trilogien om Jesus: " Jesu lidelse og kampen med døden  varer like til verdens ende , som  Blaise Pascal sier på bakgrunn av slike innsikter."

Rabineren i Kyiv foreslo at kristne og jødar saman kan be salme 31 for fred. Den inngår også i Langfredagsliturgien  mellom først og andre lesning, og høver spesielt godt i dagens situasjon.

,

 2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
          lat meg aldri bli til skamme!
          Fri meg ut i di rettferd!
          
   
  3 Vend øyret til meg,
          skund deg og redd meg!
          Ver meg eit vern og eit berg,
          ei borg til frelse!
          
   
  4 Du er mitt fjell og mi borg;
          for ditt namn skuld fører og leier du meg.
          
   
  5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
          For du er mi tilflukt.
          
   
  6 I dine hender gjev eg mi ånd,
          du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
          
   
  7 Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.
          Sjølv set eg mi lit til Herren.
          
   
  8 Eg vil jubla av glede over di miskunn
          fordi du har sett mi naud,
          du kjenner mi trengsle.
          
   
  9 Du gav meg ikkje over i handa til fienden,
          men førte meg ut i ope land.
          
   
 10 Ver meg nådig, Herre,
          for eg er i naud.
          Auget sløvest av bitter sorg,
          pust og kropp svinn bort.
          
   
 11 Livet mitt endar i sorg,
          åra mine i klage.
          Min styrke sviktar
          på grunn av mi skuld,
          beina i kroppen svinn.
          
   
 12 Eg blir til spott for fienden,
          til hån for grannane,
          ei redsle for dei som kjenner meg,
          dei som ser meg på gata, vik unna.
          
   
 13 Som ein død er eg gløymd av menneske,
          lik eit kar som er kasta bort.
          
   
 14 For eg høyrer mange som kviskrar
          – å, redsle på alle kantar! –
          når dei samlar seg mot meg
          og legg planar om å ta mitt liv.
          
   
 15 Men eg set mi lit til deg, Herre,
          eg seier: «Du er min Gud.»
          
   
 16 Mine tider er i di hand,
          fri meg frå fiendar som jagar meg!
          
   
 17 Lat ditt andlet lysa over din tenar,
          frels meg i di miskunn!
          
   
 18 Herre, lat meg ikkje bli til skamme,
          for eg ropar til deg.
        
          Lat dei urettferdige stå med skam
          og gå stille til dødsriket!
          
   
 19 Lat lygande lepper tagna,
          dei som talar frekt mot den rettferdige
          med hovmod og forakt.
          
   
 20 Kor stor di miskunn er,
          som du har spart til dei som fryktar deg!
          Rett framfor menneske har du vist di miskunn
          mot dei som søkjer tilflukt hos deg.
          
   
 21 Hos deg finn dei vern
          mot overgrep frå menneske.
          Du gøymer dei i di hytte
          for tunger som kjem med klagemål.
          
   
 22 
Velsigna er Herren som gjer under!
          Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
          

   
 23 Eg sa i min angst:
          «Eg er støytt bort frå dine auge.»
          Men du høyrde mi bøn
          då eg ropa til deg.
          
   
 24 Elsk Herren, alle hans trugne!
           Herren vernar dei trufaste,
          men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
          
   
 25 Ver modige og sterke,
          alle de som ventar på Herren!

Så kjem vi til påskenatt, det liturgiske årets høgdepunkt , det som vi har venta på og sett fram til gjennom heile fastetida. Det byrjar med lyssermonien ute som bilete under viser. Prosesjon med lyset: Lumen Christi - Lyset fra Kristus! Så den store Påskelovsangen, som blir følgd av ordets liturgi med dei ni lesningane, berre avbrote av eit jublande Gloria og Halleluja. Etter preika blir  tre unge menn teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap og får fermingas sakrament. Det er stort !  Så dåpsliturgien med velsigning av dåpsvatnet og fornying av dåpspakten. Det har gått over to timar og vi når messas høgdepunkt som alltid vil vera Eukaristien.

Kristus er oppstanden! Ja,Han er sanneleg oppstanden!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar