søndag 24. april 2022

Anna Akhmatova - Rekviem

 Den russiske poeten Anna Akhmatova (1889-1966) sitt mest kjende dikt hat tittelen Rekviem og vart til på slutten av 1930- talet. Det handlar  om dei mange som vart offer for det stalinistiske terrorregimet og er vigd minnet om dei mange døde. Diktet har ei kort innleiing som nok har gjort inntrykk på mange:

" I dei grufulle åra da Jezjov var sjef for tryggingspolitiet, stod eg 17 månadar, dagleg , i fengselskø i Leningrad. Alle kviskra der. Ein dag kviskra kvinna som stod bak meg inn i øret mitt med blåfrosne lepper:

- Kan De skriva om dette ?

Og eg sa:

-Det kan eg .

Da gleid noko som likna ein smil over det som ein gong hadde vore andletet hennar."

Sjølv om diktet vart til på slutten av 1930-talet i skuggen av Holodomor og Moskavprosessane, kunne det nok og vore skreve tjue år tidlegare eller ti år seinare eller i dagens situasjon i Russland og Ukraina? Det var ei svært vanskeleg tid for Anna Akhmatova , og ho var nok reelt sett i tvil  om ho skulle overleva eller at sonen  Lev Gumiljov som då var arrestert av kommunistregimet skulle overleva. Hennar første mann poeten  Nikolaj Gumiljov  vart avretta av kommunistane alt i 1921, venen og kollegaen Osip Mandelstam døydde i Gulag i 1938. Ho hadde debutert  i 1912 og gjeve ut fleire diktsamlingar etter det, men vågde ikkje å publisera noko etter 1922. Rekviem er eit langt dikt som ikkje vart gjeve ut før på 1960-talet. Ho skreiv det på små lappar som ulike vener så memorerte før lappane vart brende slik at ingen kunne spora det tilbake til henne. Ho overlevde forfølgingane  før krigen og likeså krigsåra då ho vart sendt langt aust i landet. Kanskje held Stalin på forunderlege vis si hand over henne slik han også gjorde med Bulgakov, Pasternak og Shostakovitsj ? Slutten av livet hennar vart lettare, ho fekk reisa til Oxford der ho tok i mot eit æresdoktorat, og ho vart innstilt til Nobelprisen som ho vel kanskje hadde vorte tildelt før eller seinare dersom ho ikkje hadde døydd av hjerteinfarkt i 1966.

Ho vart fødd i Odessa i 1889, men var russisk talande og skrivande, og budde det meste av livet i St. Petersburg. Ho budde ei tid i Kyiv  og gifte seg  der med Nikolaj Gumiljov i april 1910. Sjølv om ho nok  i dag vert rekna som ein av Russlands store poetar hadde ho også ukrainske røter og i Kyiv finn vi eit vakkert minnesmerke over henne. Hadde ho levd i dag ville nok hennar Rekviem også handla om Mariupol og Butsja!

Dikta hennar er oftast korte med konkrete bilete, stemninga kan skifta frå det varme og hyggelege til redsla som heile tida ligg under når ein lever under eit totalitært regime. Som i dette diktet fra 1917 men det kunne og handla om 1937 eller 2022 ?

"Å, eg elska dette nattlige skravlekoret, -

glasa stod som is på vesle bordet,

over svarte kaffen anga dampen fin,

tung vintervarme gløda raudt frå ein kamin,

den litterære spøken muntra opp og etsa

i vennens første blikk låg hjelpeløysa, redsla."




                                         Monument over Anna Akhmatova i Kyiv


"Korleis er tida verre enn dei førre ? Kan hende

slik: i os av sorg og angst har hundreåret

snerta ved det svartaste av alle

sår, men kunne ikkje heile dette såret.


I vesten lyser sola enn, i jordiske

strålane skin taka i kvar by,

her driv den kvite alt og merker  husa

med kors, ho skrik på ramnar, ramnar flyg."

(vinteren 1919)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar