søndag 24. oktober 2021

George Mackay Brown hundre år del II

 Dag og Tid trykte dette diktet av George Mackay Brown i høve at det var hundre år sidan han vart fødd i Stromness på Orknøyane.

Fiskar

Vesthimmelen raudna, drog ned skodda

og natta forsegla alt.


Fredsam er lufta, sjøen.

Ei stille spreiing av stjerner.


Det veldige havet

lagar den mjukaste rørsla rundt den svivande kloten,

ei svak dønning gjennom småsteinar.


Ingen måne i natt.

Teinene ligg i ro på tilgrodde hyller.


Ikkje ein lyd, berre hunden til ein kjeleflikkar

som gøyr langt innpå land.


For tre dagar sidan rasa ein storm som drukna

Jock Halcrow blant hummarane hans.


Mellom lysa i dalen er det eitt mørklagt bruk i natt.



Mitt innlegg i siste nummer av Dag og Tid

George Mackay Brown 100 år

Eg sette stor pris på at det i siste nummer av Dag og Tid var teke med eit dikt av  George Mackay Brown(1921-96) som ville ha fylt hundre år 17.oktober. Diktet er henta frå «For øyane syng eg» , gjendikting av Jostein Sæbøe, og så vidt eg veit er det det einaste av denne store diktaren som er omsett til norsk. Øyane, det er Orknøyane der han vart fødd og levde det meste av livet bortsett frå eit par år i Edinburgh. På Orknøyane er han den store diktaren med ein rik produksjon i mange sjangrar, dramatikk, romanar, noveller, essays, operalibretto, barnebøker men framfor alt poesi. Saman med komponisten Peter Maxwell Davies tok han og initativ til kultufestivalen St.Magnus, med namn etter Orknøyanes skytshelgen.

George Mackay Browns verk er grunnfesta i lokalsamfunnet der han budde, i naturen og folket der, bønder og fiskarar som kjempa for å overleva på desse forblåste øyane. Men han set det heile tida inn i ein større samanheng, historisk med røter tilbake til norrøn tid, og eksistensielt og andelege der jordbruksåret med onner, såing og innhausting blir ein parallell til kyrkjeåret med sin høgtider og ritual. Eg vart særleg fascinert av hans «kalenderdikt» der kvar av årets tolv månadar får ein strofe som knyter saman årstidene i naturen, bønder og fiskarars dagleg liv, dei bibelske forteljingane og årshøgtidene.

Då «The Collected Poems of George Mackay Brown» kom ut i 2005 skreiv The Times: «A must-have book». Eg sluttar med til det, og vågar meg til å hevda, sjølv om eg då rører meg langt utanfor mitt eige fagfelt, at han er ein av dei store i engelsk språkleg litteratur i førre hundreår. Han fortener difor  å verta meir kjent og lest også i vårt land!

«For the islands I sing

and for a few friends

not to foster means

or be midwife to ends»





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar