søndag 17. oktober 2021

Den ortodokse kyrkja

 St. Olav forlag kom nyleg med boka "Den ortodokse kirke. Historie - lære - trosliv" Forfattar er  kunst - og kulturhistorikar Caroline Serck-Hanssen  som har stor innsikt i temaet og tidlegare har skreve bøker og artiklar om såvel ikonkunst som ortodoks tradisjon i Skandinavia. Boka er blitt ei svært vellukka innføring i ortodoks kristendom.  Serck-Hanssen skriv lettlest ,men innsiktsfullt  om eit komplisert og lite kjent tema i vårt land. Boka er rikt illustrert med både ny og gammal ikonkunst, og ikkje minst bilete som viser dagens liturgiske feiring i dette mangesidige kyrkjesamfunnet.

Den ortodokse kyrkja eller rettare sagt kyrkjene i fleirtal er den nest største trusretninga i verda etter Den katolske kyrkja,men lite kjent her til lands. Dette trass i at det alt i vikingtida var tett kontakt med ortodokse samfunn i aust, og dei siste åras sterke auke i såvel antall ortodokse kristne som ortodokse forsamlingar av ulik nasjonalitet. Boka er systematisk bygd opp og tek for seg historie, teologi og lære og trusliv slik det blir praktisert av verdas rundt 200 millionar ortodokse kristne.

Serck-Hanssen har eit eige kapittel om Den ortodokse kyrkjas historie i Norge, sjølv om eg har lese ein del ortodoks litteratur var dette ny kunnskap. Vikingane hadde utstrakt kontakt med Kievrike og Bysants. Olav den heilage  oppheldt seg i Kievriket året før slaget på Stiklestad, kongens svigerinne var gift med storfyrste Jaroslav.  Harald Hardrådes dronning Ellisif var dotter til det russsiske fyrsteparet.

På byrjinga av 1500 talet kom ein einebuar til Petsjengadalen, han vart seinare kjent som Den heilage Trifon- Nordens opplyser. Her vart det etterkvart bygd eit klsoter som var i aktivitet fram til revolusjonen med visse avbrot.  Det var det religiøse sentrum for dei ortodokse skolesamane som og hadde sitt eige kapell i Neiden på norsk side av grensa.  Det var tett kontakt mellom munkane i klosterert i Petsjenga og norske kjøpmenn. På denne tida var det at Pomor-handelen var på sitt største. Etter revolusjonen i 1917 kom ein del russiske flyktingar til Norge og dei grunnla etter kvart Heilage Nikolai menighet som lenge var den einaste ortodokse forsamlinga i Norge. Dei siste åra har det på grunn av innvandring frå Aust-Europa kome til ei rekkje forsamlingar  som oftast har vore knytt til nasjonale grupper . Det er og eit ortodoks kloster i Hurdal. Det har nyleg vore fokus på klostergrunnlegging på Sunnmøre, men nonnenes andelege rådgjevar er ein kontroversiell person i Hellas og ikkje godkjent av den offisielle kyrkja.

Uansett har  ortodoks kristendom kome for å bli i vårt land, og vil nok veksa og bli meir synleg i åra som kjem. Dei ortodokse er økumenisk innstilt, og er med i Kyrkjenes verdsråd og har kontakt med ulike protestantiske miljø. Relasjonen til Den katolske kyrkja har vore meir spenningsfullt mellom anna som følge av strid rundt dei katolske forsamlingane med ortodoks liturgi. Kunnskap om Den ortodokse kyrkja er viktig i økumenisk samanheng,men vel så mykje for å forstå politikk og samfunnsliv. i Aust -Europa.Ikkje minst gjeld dette vår relasjon til Russland i  nord. Serck-Hanssens bok er difor  nyttig ikkje berre for dei som er interessert i religion og kyrkjehistorie , men og for alle som føl politikk og samfunnsutvikling i Aust-Europa med interesse! Boka kan hermed tilrådast på det varmaste.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar