torsdag 12. januar 2017

Do no harm

Eg har tidlegare skreve om den engelske nevrokirurgen Henry Marsh i blogginnlegget "The English Surgeon" basert på filmen med denne tittelen som fokuserar på hans arbeid i Ukraina. Henry Marsh vart for alvor kjent utanfor sitt fagmiljø gjennom boka "Do no harm" med undertittelen "Stories of Life, Death and  Brain Surgery". Boka har fått fantastisk kritikk og har vorte ein bestselgar, ho kom i fjor også  i norsk omsetjing. Kva er det som gjer denne boka så spesiell ? For det første skriv Henry Marsh godt, ein blir reven med i hans skildringar av livet som nevrokirurg i London, den hårfine balansegangen mellom triumf og tragedie, mellom liv og død. For dette er ikkje bare triumf, det er og tragedie, det fatale som når han på slutten av ein komplisert operasjon skader ei blodåre som fører til at pasienten ender opp i ein vegetativ tilstand. Dette skildrar han i kapittelet "Hubris", der det skjer ein fatal feil på slutten av inngrepet, Marsh innser at han burde avslutta litt før. Det er og gjennomgangstonen i boka, forfattaren er så absolutt  ærleg når han utleverar seg sjølv og sine feil. Sjølv om ein gjer sitt beste går det likevel av og til galt, det er ein del av livet og det er ikkje minst ein del av medisinen. Det er likevel ingen tvil om at Henry Marsh er ein dyktig kirurg, ikkje minst kjem dette fram i skildringane av dei vanskelege samtalane med pasientar om kompliserte inngrep med stor risiko.
Kvart kapittel i boka har ein diagnose som tittel, men dette er ikkje bare ei skildring av alvorlege sjukdomar i nervesystemet. Marsh skildrar det daglege sjukehuslivet med underbemanning, for få senger og eit vaksande helsebyråkrati, han er frittalande og  kritisk og kjem i konflikt med leiinga i det offentlege helsevesenet. Klagesaker er eit anna tema han skildrar utfrå personleg oppleving, det stressmonentet dette fører med seg er det nok mange kollegaer som kjenner seg igjen i.  Sterkt inntrykk gjer det når han blir svært personleg og skildrar eigen sjukdom og skade. Det er ikkje så enkelt å omstilla seg frå lege til pasient, han får det fram på ein ærleg og humoristisk måte. Som lege trur ein seg usårbar, "Illness is something that happens only to patients. This is an important lesson you learn early on as a medical student" skriv han innleiingsvis i kapittelet "Photopsia" der han fortel om då han vart ramma av netthinneløsning. Legar neglisjerar ofte symptom og bagatellisarar i det lengste, " So when doctors fall ill themselves they tend to dismiss their initial symptoms and find it hard to escape the doctor-patient relationship, to become mere patients themselves." Han har alltid vore redd for å bli pasient sjølv, men når det skjer går det likevel greit. Han må bare overlata alt til sin augekirurg kollega, og ein blir definitivt ikkje ein dårlegare lege etter å ha sett helsevesenet frå pasientens synsvinkel!
Det er ikkje alltid lett å forhalda seg til krevjande pårørande, det erfarar alle som arbeider som helsepersonell. Marsh har sett også denne sida, difor forstår han  betre dei pårørandes situasjon. Som nyutdanna lege opplever han at sonen får ein hjernetumor(det går bra), og som godt vaksen opplever han moras kreftsjukdom og død( ein god død heime). "Anxious and angry relatives are a burden all doctors must bear, but having been one myself was an important part of my medical education. Doctors, I tell my trainees with a laugh, can`t suffer enough."

"Every doctor should read this book" skriv Marsh om kollega  Paul Kalanithis bok " When breath becomes air", Det gjeld definitivt også Henry Marsh bok,. Men ikkje bare kollegaer, her er kloke ord for alle som møter sjukdom og død og det gjer vi alle før eller seinare. Ikkje så rart at dette har vorte ein bestselgar. Her i landet har Karl Ove Knausgård vorte fascinert av Henry Marsh bok, og han oppsøkte han under eit oppdrag i Tirana og skreiv ein lengre poetisk artikkel om nevrokirurgi!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar