fredag 30. desember 2016

Poetica;Tvillingsøstera

Tvillingsøstera


Gyllent korn i djup præriejord
der horisonten og fortida flyt saman
i forventning om varme barnekinn
og små skritt inn mot det nye hundreåret,
så teke imot i kjærleik og glede
inntil ein varm augustdag løyser seg opp
i saknad og tomrommet berre ein elska tvilling
kan leggja etter seg.
Solveig,du glei berre djupare inn i gløymsla
medan søstera vert løfta inn i den nye verda
av hardt arbeid og store gevinstar.
Tenkte ho nokon gong på deg,
kjente ho aldri så lite saknad ?
Kanskje ikkje,til det var jorda for grøderik,
havet for vidt,heimstaden så langt borte.
No er kornet hausta, horisonten fjernare
og sola står lågt før kvelden,
tomrommet er eit navn og årstal i digitalarkivet
men sorga fekk ingen binærkode.



Solveig og Aslaug fødd 17. mars 1903
Solveig døydde 23. august same året og vart gravlagt 28. august.
Aslaug levde eit langt liv i Canada.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar