onsdag 29. juni 2016

Nocturne

Forfattaren Sigbjørn  Obstfelder (1866-1900) er vel ikkje den som blir mest lest i dag. Kanskje er han også nokså ukjent med unntak av heimbyen Stavanger? To av hans dikt er det nok likevel mange som har høyrt eller lest, " Jeg ser" men den kjente avslutninga: "Jeg ser, jeg ser...... Jeg er visst kommet på feil klode ! Her er så underligt.....", og det lydhermande diktet "Regn". Det  var heller ikkje så mykje han etterlot seg, ei handfull dikt, eit skodespel, eit par noveller, ein delvis fullført roman. Likevel blir han sett på som ein fornyar av poesien der han med si modernistiske form var langt føre si tid. Han er tydeleg inspirert av franske lyrikarar som Baudelaire, Verlaine og Rimbaud. Sjølv skreiv han og dikt som han omsette til fransk !
Nocturne -nattsong er ikkje modernistisk i forma, men har ei utforming og eit innhald som gjev litt av same inntrykket som eit stykke musikk, kanskje ein sonate av Scarlatti eller ein av Schuberts lieder ?

Nocturne

Møllens vinger stanser sin susen,
åen speiler nattens øie,
blomsternes læber ydmygt beder,
trærnes kroner hvisker, hvisker.

Presterne tænder de blege kjerter,
nonnerne nynner de fromme bønne,
børnene folder de spinkle hænder,
svanerne skjuler sit næb under vingen.

Snart skal de sove, alle de trætte,
hvile hodet mygt på puden,
glemme de grå, sørgmodige tanker,
slumre, sove, drømme, sove.

Ude i blået svæver en kvinde,
Herrens moder, Maria, Maria.
lukker sjælens øine kjærlig,
træder jordvuggens gjænger varlig.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar