søndag 11. januar 2015

Trusfridom i 2015

Verdas  merksemd er retta mot terroraksjonane i Frankrike. 20 personar har mista livet i den alvorlegaste terroraksjonen på fransk jord etter siste krig. Samstundes foregår det ei omfattande terrorisering av sivile i det nordlege Nigeria. Her er det og ytterliggåande islamistar som står bak. Islamistane i Boko Haram har  bare dei siste dagane teke livet av kanskje fleire tusen uskuldige, dei fleste kristne. Overgrepa her har gått føre seg i over ti år, men har bare sporadisk fått publisitet i vestleg press. Det har stort sett heller ikkje overgrep mot kristne i andre delar av verda.
Tidlegare generalsekretær i presseforbundet Per Edgar Kokkvold skreiv nyleg i ein kommentar: " Jeg forstår ikke hvorfor de omfattende overgrepene mot kristne etter "den arabiske våren", var så sterkt underkommunisert, for ikke å si så godt som unevnt i mange norske og andre vestlige medier." Han har utan tvil rett.
Organisasjonen "Open doors" har heilt frå 1997 lagt ei liste over dei landa i verda der kristne i størst grad blir forfølgde. Som tidlegare år toppar Nord-Korea denne lista, følgd av muslimske land som Somalia, Irak, Syria og Afghanistan. Nigeria er nummer ti på denne lista. Tala er usikre men "Open doors" meiner at over 4300 kristne har blitt drept og over tusen kyrkjer angrepne det siste året.
Kvifor får desse overgrepa så lite publisitet iallfall inntil nyleg ?  Kokkvold skriv vidare i den før siterte artikkelen at det kanskje har med å gjera at den toneangjevande venstreorienterte intelligentsiaen i vestlege land har fått det for seg at "kristne forfølges ikke, de forfølger." Eit bileta skapt av  venstresidas fortolkning av historia der vestleg imperialisme er det dominerande elementet.
I dag er ikkje lenger den typiske kristne ein rik, kvit mann, men derimot ei ung, fattig, mørkhuda kvinne. Naturleg nok vil då dette og vera den typisk forfølgde kristne i verda i dag!
Det passar dårleg med dei "politisk korrekte" si fortolkning.
I 2011 sette dåverande utenriksminister Jonas Gahr Støre i gong eit prosjekt for religiøse minoritetar i Midt-Austen. Dette har blitt vidareført av hans etterfølgjar. Det er sjølvsagt uklårt kor mykje ein får gjort konkret i den kaotiske situasjonen som no rådar i dette området, men problem er sett på dagsordenen og dermed bidreg ein til at det vert løfta fram i medvitet til fleire enn før. "Open doors" og Stefanusalliansen har gjort ein stor innsats for at dei forfølgde ikkje skal bli gløymt mellom anna med fakkeltog og apellar i mange norske byar.
Akkurat no ser det mørkt ut, kristne vert foredrevne i Irak, Syria og Nigeria, i Pakistan vert dei dømde til døden for blasfemi, I Nord-Korea sett i arbeidsleir for å eiga ein Bibel.
 Men vi kan  likevel aldri slutta å vona og tru !

                               St.Rita katolske kyrkje i Kaduna øydelagt av islamistane i Boko Haram

1 kommentar: