onsdag 25. juni 2014

Stefan Zweig: Verden av i går

"For min innerste oppgave, den som jeg i førti år hadde satt hele min overbevisnings kraft inn på, Europas fredelige forening, var forrådt." Slik skriv mellomkrigstidas store forfatter Stefan  Zweig på slutten av livet der han sit som landflyktig og desillusjonert i Rio de Janeiro. Andre verdskrig raser for fullt, og Zweig ser at alt det han trudde på rasar saman. Nasjonalisme, brutalitet og naivitet har tilsynelatande vunne over realisme, dialog og internasjonal solidaritet. Stefan Zweig ser inga von og vel å forlata livet med ein overdose. Kjærasten føl han inn i døden.
Like før hadde Stefan Zweig fullført det som kanskje er hans mest kjente verk "Verden av i går" (Die Welt von Gestern). Boka er ei personleg prega syn på europeisk historie frå hundreåsskiftet og fram til utbrotet av Den andre verdskrigen. Zweig var fødd inn i ein jødisk, velståande familie i Wien i 1881. Han skildrar oppvekst og skolegang fram mot Den første verdskrigen. Lik mange andre er han nok ikkje framand for patriotiske kjensler, men inspirert av forfattarvenen Romain Rolland blir han etterkvart overtydd pasifist. Klårare enn mange ser Zweig det meiningslause i krig og nasjonalisme.
"Verden av i går" er naturlegvis ei skildring av den tapte europeiske kulturen frå før katastrofen i 1914. Det er hans oppvekst, hans livselement og det ikkje utan eit nostalgisk preg i lys av det som følgde etter denne tida. Men han er og kritisk til mykje i den gamle kulturen, ikkje minst barneoppdragelse og skolesystemet.
"Verden av i går" er og ei skildring av europeisk kulturhistorie i første del av 1900 talet, kanskje ikkje så rart med Stefan Zweigs enorme nettverk av kulturpersonlegdomar. Det blir sagt at han skreiv eit dusin brev dagleg gjennom det meste av livet. I boka møter vi mellom anna Sigmund Freud, Rainer Maria Rilke, Auguste Rodin, Richard Strauss og  Romain Rolland. Ikkje minst Rolland kom til å inspirera han både litterært og i retning av antinasjonalisme og pasifisme.
Litterært spelte Zweig på mange strenger, han skreiv lyrikk, noveller, romanar, biografier og biografiske romanar, dessutan libretto til Richard Strauss sine operaer.
Stefan Zweig var europear i ordets eigentleg forstand, og undertittelen på "Verden av i går" er karakteristisk nok "En europeers erindringer." Etter krigen gjekk han i gløymeboka, men dei siste åra har litteraturen hans opplevd ein renessanse. Bøkene kjem i nye opplag, og mange opplever at han er aktuell også for vår tid.

Eit av dei mest inntrykkssterke delene av boka er skildringa av hans sist vitjing til heimbyen. Zweig ser klårare enn dei fleste kva for katastrofe som ventar og han veit at dette er siste gong.
"I disse siste to dagene i Wien så jeg med fortvilet og stumt "aldri mer" på hver enkelt av de velkejnte gatene, hver kirke, hver hage, hver gammel krok av den by der jeg er født. Jeg omfavnet min mor med det hemmelige "Det er siste gang". Jeg omfattet alt i byen og i landet med dette "aldri mer!", med bevisstheten om at det var en avskjed, avskjeden for alltid................ Og i det øyeblikk toget rullet over grensen, visste jeg med gamle fader Lot i Bibelen at alt bak meg var støv og aske, fortiden var stivnet til en saltstøtte."



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar