mandag 30. juni 2014

Apostlane Peter og Paulus

I går 29.juni var minnedagen for dei heilage apostlane Peter og Paulus. Dei er begge del av den grunnmuren Kyrkja kviler på. Paulus er misjonæren som som tok evangeliet med seg ut i verda. Peter er apostelen som Kristus gjev ei særskilt oppgåve ulik alle andre. Peter er klippa som Kyrkja kviler på, og vi har og ein trøstefull lovnad: dødsriket vil  aldri få makt over henne !
Dette les vi om i teksten for festdagens messe i Matteus 16:

Peters vedkjenning
13 Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» 14 Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» 15 «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17 Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» 20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.

I følge tradisjonen var Peter krossfesta  i Roma med hovudet ned . Her i kunstnaren Caravaggios versjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar