tirsdag 25. mars 2014

Marimesse om våren

Bodskapen til Maria 26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne:
          «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
    
   
31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
          og du skal gje han namnet Jesus.
    
   
32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
          Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
    
   
33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
          og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?»
35 Engelen svara:
          «Den heilage ande skal koma over deg,
          og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
          Difor skal òg barnet som blir fødd,
          vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden.
37 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.


Det er 25.mars, ni månadar til jul og  Kyrkja feirar festdagen til minne om at Kristus vart unnfanga ved Den Heilage Ande slik det står i Lukas evangeliet, og slik det vart forutsagt av profeten Jesaja som er dagens første lesing (Jes.7.14).
Dagen har og vorte kalla Conceptio Christi eller Inkarnatio Christi(Kristi inkarnasjon). Best kjent er vel dagen som Maria bodskapsdag (Annuntiatio Mariae),  i gammal norsk tradisjon Marimesse om våren som eg har sett som overskrift. Dagen vart og kalla Vårfrumesse eller på dialekt der eg kjem frå Voffremyss.
Dagen har vorte feira frå trehundre talet då Den heilage Helena bygde ein basilika over huset i Nasaret. Men først på 600 talet har vi sikre kjelder om liturgisk feiring av dagen.
Etter det andre Vatikankonsilet har det offisielle navnet på dagen vore Annuntio Domini (Herrens bebuding), med det vektla ein at det er ein Kristus fest. Men det er og ei feiring av Marias ja som vi minnest kvar dag når vi ber Magnificat til Vesper.

På same måte som første juledag knelar vi denne dagen under Credo ved orda: Et incarnatus est de Spiritui Sancto ex Maria Virgine, et homo factus est.( Han er blitt kjød av Den Hellige Ånd av jomfru Maria og er blitt menneske). Slik ærar vi inkarnasjonens mysterium.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar