tirsdag 11. mars 2014

Dominikansystrarna i Rögle


Omkved: ”Jag skal föra dig ut i öknen för att tala till ditt hjärta.”

Sankt Dominikus kloster, dominikansystrarna i Rögle utanfor Lund ei vakker marshelg med sol  og blå himmel.

Møte i ”Nordisk förening för katolska läkare” men og ei helg med det søstrene kan by på: tidebøner, messe, stille bøn.  Som så mange gonger før glir ein fort inn i rytmen i klosteret frå laudes 0745 til kompletorium kl 20 følgd av kontemplasjon i det svakt opplyste vesle kapellet. Søstrene nyttar franske André Gouzes sine melodiar til tidebøner og messe. Songen er  bare akkompangert av dei spinkle tonane frå citar. Utruleg vakkert !

Dominikanersøstrene kom til Lund frå Montpellier i 1948, i 1956 kjøpte dei ein gammal gard i Rögle som vart til det noverande klosteret. Etter kvart vart det eit vakkert lite kloster med tilhøyrande gjestehus ute på den skånske landsbygda. Søstrene høyrer til kongregasjonen ”Les Dominicaines des Sainte Marie des Tourelles”- som  har sitt opphav i Sør-Frankrike der Dominikus grunnla eit kontemplativt nonnekloster på 1200 talet. I 1898 gjekk ei lita gruppe ut og grunnla eit nytt kloster i Montpellier. Søstrene der kom til å bli nokon av dei første kvinnene som fekk  høve til å fordjupa seg i teologi, filosofi og bibelspråk som i lang tid hovudsakleg hadde vore mennenes domene. Det er likevel bøna som er deira hovudoppgåve,  kyrkjas tidebøner som er bøna i fellesskap og den individuelle bøna, den indre bøna der ein nærmar seg Gud ” i tystnad.” Det som er så vanskeleg ute i verda med alle distraksjonar som dreg oss i så mange retningar. I Rögle vert det lettare å samlast om det eine viktige.

 

Omkved: ”Herre, hela mig så att min själ får liv ty jag hoppas på Dig.”



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar