søndag 23. mars 2014

Jon Fosse: sov de mine kjære

sov de mine kjære

eit kvitt hus
ein veg der dei gamle konene kjem
ei og ei
to og to
dei går der og ber på veskene sine

og så kan song høyrast

og så drøs

og så spreier kaffilukta seg gjennom kroppane deira

ein traktor køyrer forbi på vegen

ein fjord
legg sitt lys i dei små vindauga
i det kvite huset

ei bøn kan høyrast

og endå ein song

og så mørknar det stille og fjorden legg seg innover landet
og dei gamle kvinnene går heimover

i små grupper Og så står bestemora mi

der i tunet
Ho seier at ho må legga pengane frå utloddinga
i skrinet sitt
der i skåpet

etterpå må ho og eg gå i floren
sauene må forast
og eg skal hjelpe henne
ta silofor ut or siloen Sov

de mine kjære

Og ver du ein god Gud

Sov de mine kjære er eit av dei vakraste dikta til forfattaren Jon Fosse. Det er ein høg himmel over dette diktet som handlar om barndom, om å vera ein del av ein slekts-samanheng, om kjærleiken til eins næraste, om dei gamle kvinnene som trufast har slete eit langt liv og som stolar på at det er noko større bak alt dette. Jon Fosse vaks opp på andre sida av og litt lengre inne i Hardangarfjorden enn der eg kjem frå , og vi er av same generasjon. Eg kjenner ein sterk slektskap med han, det var nyleg ytterlegare stadfesta av at han gjekk same vegen som eg har gått. Jon Fosse har og vorte ein del av Den katolske kyrkjas fulle fellesskap. Ulike vegar fører til Kyrkja, for Ulf Ekman var det nok teologien og kyrkjehistoria som var avgjerande, for Jon Fosse var det nokså sikkert mystikken, møte med det store mysteriet i Kyrkjas tradisjon og liturgi. For meg var det nok mystikken men og Kyrkjas svar på alle dei store spørsmåla både i ontologien og etikken. Likevel vil det til slutt alltid vera nåden som fører ein det  siste steget !

                                                   Madonna i St Dominikus kloster, Røgle i Skåne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar