"Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand bli gløymd ! Lat tunga klistra seg til ganen om eg ikkje tenkjer på deg, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!" (Salme 137)
Slik vart lengtinga til Jerusalem uttrykt i den jødiske salmetradisjonen like frå det babylonske fangenskapet og til vår tid. "Neste år i Jerusalem" var eit fast jødisk uttrykk. Den kristne kyrkje overtok denne forestillinga om Jerusalem, dei bibelske salmane vart ein sentral del av tidebønene som kvar dag blir resitert eller sunge i kloster over heile verda. Samstundes vart Jerusalem eit bilete på det evige livet, det himmelske Jerusalem som vi kunne sjå fram til når dette korte livet var forbi. Dette vart etter kvart ein del av den allmenne kulturen som få stilte spørsmål ved, om du ikkje fekke sjå att borna dine som drog til Amerika i dette livet, skulle du få sjå dei att i det himmelske Jerusalem slik forfattaren Edvard Hoem har skildra i bøkene om forfedrene sine( Slåttekar i himmelen og Bror din på prærien). For mange var det dette dei hadde å trøysta seg til i møte med sorg og sakn, små born døydde heile tida, store born forsvann ut i verda, til sjøs , i krig , som nybyggjarar i den nye verda. Utan denne trøysta hadde det ikkje vore til å halda ut ! Denne forestillinga var allmenn inntil for 1-2 generasjonar sidan, men så har det skjedd noko over svært kort tid. Teologen Eivor Oftestad seier det slik:" Forestillinga om det himmelske Jerusalem hentet sin kraft fra troen på et liv etter døden. Det gir grunn til å spørre om hva som skjer når denne troen ikke lenger er allmenn. I majoritetskulturen er troen på liv etter døden for lengst avviklet. Det påvirker de fleste av oss, også oss som fremdeles bekjenner oss til en kristen tro." Forfattarar som Dag Solstad og Karl Ove Knausgård har sette ord på dette skiljet som er eit på mange måtar fundamentalt paradigmeskifte. Diktaren Matthew Arnold skildra det for meir enn 150 år sidan i diktet "Dover beach": "The sea of faith was once, too, at the full, and round earth`s shore. Lay like the folds of a bright girdle furl`d. But now I only hear its melancholy, long, withdrawing roar."
Vi skal kanskje ikkje stola for mykje på meiningsmålingar når det gjeld religiøs tru, svara avheng av korleis spørsmåla blir stilt, men det er likevel tankevekkjande at det nyleg viste seg at 39% svara at dei ikkje trur på Gud mot 37% som sier dei trur. Det er naturleg nok enno færre som trur på eit liv etter døden. Sannsynlegvis er vi dei første i heile menneskas lange historie som trur at dette korte livet er det det heile. Så er det mørkt, ingenting, tomrom og vi er fornøgd med det ? Men dette er eit europeisk perspektiv, går ein til Den tredje verda er det knapt nokon som deler denne oppfatninga. Til dømes Fillipinene der så godt som alle trur på Gud og som er det landet i verda men færrast ateistar.
Kvar går utviklinga vidare ? Det er neppe grunn til å tru at "det himmelske Jerusalem" igjen får ein renessanse i medvitet til dei fleste nordmenn, men våre nye landsmenn katolske såvel som muslimske, vil kunna bidra med ei levande tru på at det er noko også utover det jordiske livet.
Sjølv om sekulariseringa også vinn fram i katolske land, ligg det protestanstiske nord eit godt stykke framom. Eg har alltid tenkt at den folkelege trua på Maria og helgenar held vissa om eit liv etter døden meir levande !
Det jordiske Jerusalem, et bilete på det himmelske !
mandag 4. april 2016
søndag 3. april 2016
Miskunns-søndag
Søndag i påskeoktaven, ei veke etter påskedagen. Dagen blei frå gammalt kalla "kvite-søndag", dei nydøypte i oldkyrkja hadde bore sin kvite klednad ei veke som dei no kunne legga frå seg ,og ta på seg sitt vanlege tøy. Søndagen blir og kall "Barmhjertighets-søndag " eller "Miskunns-søndag". Det har mellom anna sin bakgrunn i Den heilage Faustyna Kowalskas (1905-38) sin visjonar av den miskunnsfylte Kristus. Faustina var ei polsk nonne og mystiker som hadde visjonar over mange år. På hennar anvisning vart det malt fleire versjonar av bilete som har tittelen "Jezu, ufam Tobie" (Jesus eg stoler på deg) som har fått stor popularitet over heile den katolske verda. Det er og ein eigen versjon av rosenkransbøna basert på Faustynas visjonar, "Den guddommelige miskunns rosenkrans".
På de store perlene:" Evige Far, jeg frembærer for deg din høyt elskede Sønns, vår Herre Jesu Kristi Legeme og Blod, Sjel og Guddom, som soning for våre og hele verdens synder."
På de små perlene:" For hans smertefulle lidelses skyld, miskunn deg over oss og over hele verden."
(10 ganger)
Til slutt:" Hellige Gud; hellige Sterke, Hellige Udødelige, miskunn deg over oss og over hele verden."
(3 ganger)
Den første versjonen av bilete "Jezu, ufam Tobie".

tirsdag 22. mars 2016
Poetica:Marimesse om våren
Maria bodskapsdag (Annuntatio Mariae), "Herrens bebudelse", frå gammalt Marimesse om våren.
Minnedagen for engelen Gabriels bodskap til Maria fell i år saman men langfredag. Det illustrerar samanhengen mellom inkarnasjonen og Kristi offerdød på krossen. På den gamle primstaven(fortidas kalender) er Marimesse markert med ei krune, det siste merket på vintersida.Det markerar at Maria er himmeldronninga.Bestemora mi kalla dagen "Voffremyss". På eit bilete fra 1901 står ho saman med familien framom barndomsheimen. To søstre på fem og ni år står saman med henne, eit par år seinare er dei begge tekne ut av tida.
Marimesse om våren
Voffremyss sa bestemora mi
dei gamle merkedagane enno ein del av kvardagen
primstaven snart vendt mot sommarsida
ei krune for himmeldronninga
på bilete frå førre hundreårskifte står ho
saman med familien framom barndomsheimen
velstelte potteplanter, lauvtunge fruktre og reine gardiner
søstrene på fem og ni år snart tekne ut av tida
foreldrene alvorstyngde som om dei alt merka skuggen av englar.
Ver ikkje redde de ventande
tenestekvinna skal om litt gje sitt svar !

søndag 20. mars 2016
Palmesøndag
Frå dagens feiring av palmesøndag i St. Ansgar med prosesjon og palmegreiner.
Antifon til laudes:
"Folkemengden som var kommet til festen, ropte til Herren:Velsignet være han som kommer i Herrens navn. Hosanna i det høye !"

lørdag 19. mars 2016
Tømmermannen Josef
I dagens messe feira vi minnet om Den heilage Josef, Marias ekstemann og Jesu fosterfar.
Det er ikkje så mykje vi veit om Josef, evangelia er sparsomme med opplysningar. Josef er med i juleevangeliet,og siste gong vi høyrer om han er då Jesus vart att i tempelet tolv år gammal. Sannsynlegvis var Josef død på det tidspunktet Jesus vart krossfesta.
Kulten retta mot Josef som helgen høyrer vi første gong om i Egypt på 400-500 talet, men det var først i Mellomalderen at Josef vart ein helgen med stigande popularitet. Teresa av Avila var spesielt knytta til Den heilage Josef, og moderhuset til den reformerte karmelittordenen i Avila var vigd til han. Josef er utnemnd til "Universalkirkens beskytter", men han er og skytshelgen for mellom annan arbeidarar og handverkarar, familiefedre og ektepar, og ikkje minst for døyande og for ein god død.
I tråd med Teresa av Avila har Josef ein sentral plass i karmelittordenen.
Georges de la Tour: Josef tømmermannen.
Bønn til den hellige Josef
"Hellige Josef vår Far!
Du har aldri sviktet dem
som ber om din hjelp og forbønn.
Som vår hellige mor Teresa
tar vi vår tilflukt til deg.
Du var Frelserens faderlige beskytter her på jorden,
og Han lytter til dine bønner i himmelen.
Gjennom Ham har du makt til å hjelpe oss
og det som synes umulig kan du gjøre mulig.
Vi ber om din faderlige omsorg,
at du skal sørge for oss
og gi oss alt vi trenge.
Amen.
Jesus, Maria og Josef !
Vi overgir alt i deres hender!"

mandag 14. mars 2016
Martyrs of today
Yemen er eit krigsherja land som i langt mindre grad er i medias søkelys enn Syria, Irak og Afganistan.Situasjonen for sivilbefolkninga er minst like ille som i Syria. Mor Teresa søstrene "Missionaries of Charity" har i lengre tid dreve sosialt arbeid blant dei fattigaste i hovudstaden Yemen. 4. mars storma to væpna menn inn i senteret som søstrene driv og drap fire av søstrene i tillegg til sekten friviljuge medarbeidarar. Søstrenes priorinne overlevde, ein prest vart bortført av terroristane. Dei drepte var ein del av den stadig veksande skare av det som pave Frans i ei preike 26.desember karakteriserte som "Our Martyrs of today". Desse brutale drapa nådde ikkje avisenes forsider, til det var dei for vanlege og Yemen for fjernt og ukjent. Paven engasjerte seg desto sterkare og uttalte følgande. "Desse søstrene er martyrar. Dei finst ikkje på avisenes første sider, deira død er ikkje nyhende. Dei er ikkje bare drapsoffer, dei er og offer for den globale likesæla som ikkje bryr seg. Må Mor Teresa omfavna sine døtre, kjærleikens martyrar i himmelen, og må dei be for for fred og for den heilage respekten for menneskelivet."
Dei fire Mor Teresa søstrene som vart martyrar: Mary Anselm, Reginette, Judith og Marguerite

tirsdag 8. mars 2016
Kyrkja - vitskapens motstandar ?
Det er ei vanleg oppfatning at alle store gjennombrot i naturvitskapen har vorte kjempa fram i konflikt med kyrkja, ein viser ofte til Galilei og Darwin. Sentralt i denne oppfatninga står eit syn på Mellomalderen som ein mørk periode der kyrkja hadde all makt og framskritta var få, i motsetning til den såkalla Renessansen som følgde i hundreåra etterpå. Stemmer dette eller er det som mykje anna bygd på tvilsam historie kunnskap og demagogi frå 1800 talet ? I sekulære kretsar inkludert Human-etisk forbund har dette synet stått sterkt, interessant er det då at filosof og ateist Morten Fastvold i ein kronikk i "Humanist" med tittelen "Humanistiske myter - Kunsten å sjekke en god historie" tek eit sterk oppgjer med desse mytane.
Går ein grundigare til verks oppdagar ein at mellomalderen slett ikkje var så mørk som ein har trudd, og motsatt var Renessansen slett ikkje ei tid utan forvirring og overtru. Høgmellomalderen var tvert imot ei blømingstid for logikk og naturfilosofi, og dette skjedde ikkje i motsetning til kyrkja, men tvertimot med full forståing og støtte frå kyrkjeleg hald. James Hanman har i boka " Gods philosophers. How the medieval World laid the Foundations ogf Modern Science" gjort greie for korleis 1100 talets teologar og filosofar utvikla ein rasjonell og konsistent tenkemåte om naturens uforanderlege og lovmessige oppbygnad. Dette sprang naturleg ut av det bibelske synet på ein Gud som hadde skapt eit forståeleg univers styrt av naturlover, i motsetning til tidlegare tiders forestillingar om om ei verd styrt av ustabile makter og uforutseibare gudar. Det var den geniale oppdaginga til desse teologane og filosofane, verda er skapt av ein rasjonell Gud og styrt av lover som vi kan utforska og forstå. Dermed la dei det logiske fundamentet for all naturvitskap fram til vår tid.
Kvifor har så det synet av kyrkja har kjempa mot vitenskapen sett seg så fast ? For å forstå det må vi gå tilbake til Opplysningstida på 1700-1800 talet. Det var ei tid med sterke motsetningar mellom verdslege tenkjarar som til dømes Voltaire på den eine sida og eit svært konservativt presteskap på den andre sida. I skriftene til desse tenkjarane vart kyrkja og ikkje minst kyrkja i Mellomalderen framstilt som svært bakstreversk på ein måte som ligg milelangt frå dagens kjelde kritiske historievitskap. Dette skape mytiske forestillingar som sette seg fast i samfunnet, og som ingen tok seg bryet med å sjekka før i våre dagar. Det viser seg då at dei ikkje held i møte med ei moderne vitskapshistorisk tilnærming.
Men kva så med prosessen mot Galileo Galilei og motstanden mot Darwin og evolusjonsteorien , var ikkje det klassiske eksempel på ei kyrkja som kjempa mot vitskapelege framskritt med alle middel.
Prosessen mot Galilei tente ikkje kyrkja til ære, men var mykje meir samansett enn det som er den vanlege framstillinga. Det var ulike vitskapssyn som stod mot kvarandre, Tycho Brahes helio-geosentriske og Galilei heliosentriske, og den tids observasjonar støtta ikkje einsidig det eine eller det andre. Sentralt i prosessen var og dei personlege motsetningane mellom Galilei og hans tidlegare ven og støttespelar pave Urban VIII, begge hadde store ego og var lite fleksible.
Då Darwin la fram evolusjonsteorien i "Om artenes opprinnelse" var ikkje dette ein ny tanke, både Augustin og Thomas Aquinas hadde spekulert i om artar hadde utvikla seg over svært lang tid. Ideen skaut fart på 1700 talet, men fekk sin teoretiske utforming av Darwin . Verkeleg gjennomslag fekk teorien først då den vart kobla saman men ausgustinermunken Gregor Mendels banebrytande genetiske forskning på midten av 1800 talet. Sjølv om mange kristne tok avstand frå dette blei evolusjonsteorien aldri formelt avvist av nokon av dei historiske kyrkjesamfunna. Ein av dei mest profilerte teologane på 1800 talet, kardinal John Henry Newman skreiv at han ikkje kunne sjå at Darwins idear streid mot ei kristen skapartru. Den såkall kreasjonisme-rørsla som tolka skapinga heilt bokstaveleg over sju dagar oppstod i USA først på 1920 talet. Seinare har denne rørsle ekspandert og utvikla seg til dei fundamentalistiske kreasjonistane vi møter i dag. 1800 talets teologar ville neppe kjent seg igjen i deira ytterliggåande synspunkt.
For å oppsummera: kyrkja har ikkje motarbeidd naturvitskapen, tvert imot la Mellomalderens tenkjarar grunnlag for ei logisk og rasjonell forståing av universet og naturlovene. At det motsatte skulle vera tilfelle er mytiske oppfatningar frå 1700-1800 talet.

Abonner på:
Innlegg (Atom)