mandag 4. april 2016

Trua på det himmelske Jerusalem

"Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand bli gløymd ! Lat tunga klistra seg til ganen om eg ikkje tenkjer på deg, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!" (Salme 137)

Slik vart lengtinga til Jerusalem uttrykt i den jødiske salmetradisjonen like frå det babylonske fangenskapet og til vår tid. "Neste år i Jerusalem" var eit fast jødisk uttrykk. Den kristne kyrkje overtok denne forestillinga om Jerusalem, dei bibelske salmane vart ein sentral del av tidebønene som kvar dag blir resitert eller sunge i kloster over heile verda. Samstundes vart Jerusalem eit bilete på det evige livet, det himmelske Jerusalem som vi kunne sjå fram til når dette korte livet var forbi. Dette vart etter kvart ein del av den allmenne kulturen som få stilte spørsmål ved, om du ikkje fekke sjå att borna dine som drog til Amerika i dette livet, skulle du få sjå dei att i det himmelske Jerusalem slik forfattaren Edvard Hoem har skildra i bøkene om forfedrene sine( Slåttekar i himmelen og Bror din på prærien).  For mange var det dette dei hadde å trøysta seg til i møte med sorg og sakn, små born døydde heile tida, store born forsvann ut i verda, til sjøs , i krig , som nybyggjarar i den nye verda. Utan denne trøysta hadde det ikkje vore til å halda ut ! Denne forestillinga var allmenn inntil for 1-2 generasjonar sidan, men så har det skjedd noko over svært kort tid. Teologen Eivor Oftestad seier det slik:" Forestillinga om det himmelske Jerusalem hentet sin kraft fra troen på et liv etter døden. Det gir grunn til å  spørre om hva som skjer når denne troen ikke lenger er allmenn. I majoritetskulturen er troen på liv etter døden for lengst avviklet. Det påvirker de fleste av oss, også oss som fremdeles bekjenner oss til en kristen tro." Forfattarar som Dag Solstad og Karl Ove Knausgård har sette ord på dette skiljet som er eit på mange måtar fundamentalt paradigmeskifte. Diktaren Matthew Arnold skildra det for meir enn 150 år sidan i diktet "Dover beach": "The sea of faith was once, too, at the full, and round earth`s shore. Lay like the folds of a bright girdle furl`d. But now I only hear its melancholy, long, withdrawing roar."
Vi skal kanskje ikkje stola for mykje på meiningsmålingar når det gjeld religiøs tru, svara avheng av korleis spørsmåla blir stilt, men det er likevel tankevekkjande at det nyleg viste seg at 39% svara at dei ikkje trur på Gud mot 37% som sier dei trur. Det er naturleg nok enno færre som trur på eit liv etter døden. Sannsynlegvis er vi dei første i heile menneskas lange historie som trur at dette korte livet er det det heile. Så er det mørkt, ingenting, tomrom og vi er fornøgd med det ? Men dette er eit europeisk perspektiv, går ein til Den tredje verda er det knapt nokon som deler denne oppfatninga. Til dømes Fillipinene der så godt som alle trur på Gud og som er det landet i verda men færrast ateistar.
Kvar går utviklinga vidare ? Det er neppe grunn til å tru at "det himmelske Jerusalem" igjen får ein renessanse i medvitet til dei fleste nordmenn, men våre nye landsmenn katolske såvel som muslimske, vil kunna bidra med ei levande tru på at det er noko også utover det jordiske livet.
Sjølv om sekulariseringa også vinn fram i katolske land, ligg det protestanstiske nord eit godt stykke framom. Eg  har alltid tenkt at den folkelege trua på Maria og helgenar held vissa om eit liv etter døden meir levande !

                               Det jordiske Jerusalem, et bilete på det himmelske !



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar