tirsdag 8. mars 2016

Kyrkja - vitskapens motstandar ?

Det er ei vanleg oppfatning at alle store gjennombrot i naturvitskapen har vorte kjempa fram i konflikt med kyrkja, ein viser ofte til Galilei og Darwin. Sentralt i denne oppfatninga står eit syn på Mellomalderen som ein mørk periode der kyrkja hadde all makt og framskritta var få, i motsetning til den såkalla Renessansen som følgde i hundreåra etterpå. Stemmer dette eller er det som mykje anna bygd på tvilsam historie kunnskap og  demagogi frå 1800 talet ? I sekulære kretsar inkludert Human-etisk forbund har dette synet stått sterkt, interessant er det då at filosof og ateist Morten Fastvold i ein kronikk i "Humanist" med tittelen "Humanistiske myter - Kunsten å sjekke en god historie" tek eit sterk oppgjer med desse mytane.
Går ein grundigare til verks oppdagar ein at mellomalderen slett ikkje var så mørk som ein har trudd, og motsatt var Renessansen slett ikkje ei tid utan forvirring og overtru. Høgmellomalderen var tvert imot ei blømingstid for logikk og naturfilosofi, og dette skjedde ikkje i motsetning til kyrkja, men tvertimot med full forståing og støtte frå kyrkjeleg hald. James Hanman har i boka " Gods philosophers. How the medieval World laid the Foundations ogf Modern Science" gjort greie for korleis 1100 talets teologar og filosofar utvikla ein rasjonell og konsistent tenkemåte om naturens uforanderlege og lovmessige oppbygnad. Dette sprang naturleg ut av det bibelske synet på ein Gud som hadde skapt eit forståeleg univers styrt av naturlover, i motsetning til tidlegare tiders  forestillingar om om ei verd styrt av ustabile makter og uforutseibare gudar. Det  var den geniale oppdaginga til desse teologane og filosofane, verda er skapt av ein rasjonell Gud  og styrt av lover som vi kan utforska og forstå. Dermed la dei det logiske fundamentet for all naturvitskap fram til vår tid.

Kvifor har så det synet av kyrkja har kjempa mot vitenskapen sett seg så fast ? For å forstå det må vi gå tilbake til Opplysningstida på 1700-1800 talet. Det var ei tid med sterke motsetningar mellom verdslege tenkjarar som til dømes Voltaire på den eine sida og eit svært konservativt presteskap på den andre sida. I skriftene til desse tenkjarane vart kyrkja og ikkje minst kyrkja i Mellomalderen framstilt som svært bakstreversk på ein måte som ligg milelangt frå dagens kjelde kritiske historievitskap. Dette skape mytiske forestillingar som sette seg fast i samfunnet, og som ingen tok seg bryet med å sjekka før i våre dagar. Det viser seg då at dei ikkje held i møte med ei moderne vitskapshistorisk tilnærming.

Men kva så med prosessen mot Galileo Galilei og motstanden mot Darwin og evolusjonsteorien , var ikkje det klassiske eksempel på ei kyrkja som kjempa mot vitskapelege framskritt med alle middel.
Prosessen mot Galilei tente ikkje kyrkja til ære, men var mykje meir samansett enn det som er den vanlege framstillinga. Det var ulike vitskapssyn som stod mot kvarandre, Tycho Brahes helio-geosentriske og Galilei heliosentriske, og den tids observasjonar støtta ikkje einsidig det eine eller det andre. Sentralt i prosessen var og dei personlege motsetningane mellom Galilei og hans tidlegare ven og støttespelar pave Urban VIII, begge hadde store ego og var lite fleksible.
Då Darwin la fram evolusjonsteorien i "Om artenes opprinnelse" var ikkje dette ein ny tanke, både Augustin og Thomas Aquinas hadde spekulert i om artar hadde utvikla seg over svært lang tid. Ideen skaut fart på 1700 talet, men  fekk sin teoretiske utforming av Darwin . Verkeleg gjennomslag fekk teorien  først då den vart kobla saman men ausgustinermunken Gregor Mendels banebrytande genetiske forskning på midten av 1800 talet. Sjølv om mange kristne tok avstand frå dette blei evolusjonsteorien aldri formelt avvist av nokon av dei historiske kyrkjesamfunna. Ein av dei mest profilerte teologane på 1800 talet, kardinal John Henry Newman skreiv at han ikkje kunne sjå at Darwins idear streid mot ei kristen skapartru. Den såkall kreasjonisme-rørsla som tolka skapinga heilt bokstaveleg over sju dagar oppstod i USA først på 1920 talet. Seinare har denne rørsle ekspandert og utvikla seg til dei fundamentalistiske kreasjonistane vi møter i dag. 1800 talets teologar ville neppe kjent seg igjen i deira ytterliggåande synspunkt.


For å oppsummera: kyrkja har ikkje motarbeidd naturvitskapen, tvert imot la Mellomalderens tenkjarar grunnlag for ei logisk og rasjonell forståing av universet og naturlovene. At det motsatte skulle vera tilfelle er mytiske oppfatningar frå 1700-1800 talet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar