Søndag i påskeoktaven, ei veke etter påskedagen. Dagen blei frå gammalt kalla "kvite-søndag", dei nydøypte i oldkyrkja hadde bore sin kvite klednad ei veke som dei no kunne legga frå seg ,og ta på seg sitt vanlege tøy. Søndagen blir og kall "Barmhjertighets-søndag " eller "Miskunns-søndag". Det har mellom anna sin bakgrunn i Den heilage Faustyna Kowalskas (1905-38) sin visjonar av den miskunnsfylte Kristus. Faustina var ei polsk nonne og mystiker som hadde visjonar over mange år. På hennar anvisning vart det malt fleire versjonar av bilete som har tittelen "Jezu, ufam Tobie" (Jesus eg stoler på deg) som har fått stor popularitet over heile den katolske verda. Det er og ein eigen versjon av rosenkransbøna basert på Faustynas visjonar, "Den guddommelige miskunns rosenkrans".
På de store perlene:" Evige Far, jeg frembærer for deg din høyt elskede Sønns, vår Herre Jesu Kristi Legeme og Blod, Sjel og Guddom, som soning for våre og hele verdens synder."
På de små perlene:" For hans smertefulle lidelses skyld, miskunn deg over oss og over hele verden."
(10 ganger)
Til slutt:" Hellige Gud; hellige Sterke, Hellige Udødelige, miskunn deg over oss og over hele verden."
(3 ganger)
Den første versjonen av bilete "Jezu, ufam Tobie".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar