mandag 5. oktober 2026

Gymnadenia

 Gymnadenia  er første del  av Sigrid Undsets verk om Paul Selmer som kom første gang i 1929. Vi føl den unge hovudpersonen frå studietida i Oslo, hans familie og noko turbulente privatliv, men hovudtemaet er for Sigrid Undset hans veg fram til katolsk tru. Paul Selmers foreldre er skilt og han veks opp hos mora  saman med tre søsken. Alle former for religion er fråverande i heimen, og han kjenner heller ikkje dragning mot eit religiøst livssyn.Litt tilfeldig leiger han hybel hos ein familie som viser seg å vera praktiserande katolikkar. Her dukkar også opp ei veninne frå gymnastida som nyleg har konvertert til Den katolske kyrkja. Paul oppdager så  at ein mann han kjenner frå oppveksten er blitt katolsk prest, han vel å oppsøkja denne presten ikkje primært med tanke på å bli katolikk, men meir å be om generelle råd korleis  han skal innretta privatlivet sitt.Etter samtalen går Paul inni den mørke og tomme St. Olav kyrkje, han kneler og prøver å be men veit ikkje heilt korleis han skal det. Han ser opp og festar blikket « på den lille flakkende rødeluen fremme i mørket.» Men så med eit er det noko som går opp for han: « så det kjentes som han  ble rystet all igjennom- hvis det var sant, det som den lille røde lampen hang der for å bekjenne- ja da, ja da!» Og vidare reflekterer han: « - hvis det var sannheten, at her var Han virkelig til stede på en hemmelighetsfull måte, bundet i noe materielt,  et sakrament - og etsteds i undergrunnen av sitt vesen visste Paul plutselig hva et sakrament var, enda han ikke forstod noe. Hvis det var sant at Han var her, til stede på denne måten og også på tusener og tusener av andre altere - da måtte Han også være til stede på en annen måte overalt og alltid, et øye som fattet om klodenes begynnelse i verdensrommet og atomenes indre og menneskenes hemmelige tanker i ett eneste blikk uten før og nu og stort og smått- allting var bare Hans tanke og allting samtidig og allting like klart og kjært-.»

Så langt kjem Paul Selmer i første omgang. Privatliv og jobb som forretningsmann krev han fullt og vel som det. Lucy, forloveden som han planlegg å gifta seg med gjer det slutt, og han står uforståande og forvirra att. Eit par år etter gifter han seg med den purunge Bjørg. På bryllupsreisa til Paris møter han tilfeldig gymnasveninna Randi som føler kall til klosterlivet. Paul stiller seg først uforståande til dette, men forstår etter kvart litt meir av Randis kall. Han går inn i ei kyrkje for og be, han ber om Marias for bønn og han tenner lys. « Og tillat ikke at jeg finner ro og fred før jeg har forsonet meg med den fred som Du kaller din, som Du har sagt at verden hverken kan gi eller ta-.»

(Forts)







mandag 28. september 2026

Pave Leo i Frankrike

 Pave Leos fire dagers vitjing i Frankrike, « Kyrkjas eldste dotter», vert avslutta i Metz i dag. Det har vore fire strålande dagar der store folkemengder har jubla over møte med paven. Reisa vart innleia i Paris på Stade de France med bønne vigilie med 80.000 katolske ungdomar. Ein rørt pave Leo erklærte: « Tusen takk! De er Frankrikes helgenar!» Frankrike har blitt oppfatta som ei stadig meir sekularisert samfunn like frå revolusjonen på 1700talet. I dag seier halvparten av franskmennene at dei ikkje føler på religiøs tilknyting, under ti prosent går regelmessig til messe. Men oppslutninga om pave Leos vitjing, og ikkje minst det rekordhøgt antall  unge dåpskandidatar i år, kan tyda på at dette er iferd med å snu ?

Høgdepunktet i Paris var utan tvil messefeiringa på Place de la Concorde med mellom sju- og åttehundretusen truande tilstades tettpakka langs heile Champs Elysee.Veldig fint at pave Leo hadde med fleire unge  menn med Downs syndrom som ministrantar under messefeiringa.Pavens reise held fram til Lourdes, Frankrikes viktigaste pilegrimsmål der Jomfru Maria viste seg for gjetarjenta Bernadette Soubirous i 1858.Paven kom der også som pilegrim og ba lenge i grotta der Maria skal ha vist seg. Lysprosesjonen med Maria- hymner  vart leia av paven. Den pavelege messa samla rundt  hundre og femtitusen deltakarar.I sine preiker vektla paven alle menneskes verdigheit, og at livet alltid er ukrenkeleg. Dette var spesielt retta mot ei nyleg vedteken lov som tillet sjølvvalgt livsavslutning i Frankrike. Det er ei falsk medkjensle når ein vel å ta livet av dei lidande sa paven i klare ord. 

Like ovanfor grotta der Maria viste seg for Bernadette ligg det eit karmelittkloster, paven tok seg god tid då han vitja karmelittnonnene!


                                   Foto:EWTN news.

tirsdag 22. september 2026

Om å lese

 Media er fulle av oppslag om Pisa undersøkjinga som viser eit dramatisk fall i leseferdigheit hos norske ungdomsskoleelevar. Dette er eit fenomen vi ser over heile den vestlege verda. Det blir skulda på auken i skjermbruk, men sannsynlegvis er det eit samansett problem med fleire årsaker. Men det synes å vera semja om at skjermbruken skader evna til å reflektera og tenka kritisk om ein tekst. Evna til å konsentrera seg om lengre tekstavsnitt vert drastisk svekka. Den britiske journalisten James Marriott skriv om « The new dark ages: The End of Reading and the Dawn of a Post-Literate Society.» Lesing er sjølve fundamentet for eit samfunn av opplyste og reflekterte borgarar som ikkje let seg manipulera av demagogar. 

Lese og skrivekunsten er eit par tusen år gammal, og var lenge berre for dei få iallfall fram til boktrykkarkunsten på 1500 talet. Opprinneleg var all lesning høgt- lesning, Augustin vart forundra då han møtte kyrkjefaren Ambrosius som las skriftene stille.Karakteristisk nok har både hebraisk og Jesu dialekt arameisk same ord for å lese og snakke. I klostera utvikla ein heilt frå Den heilage Benedikt si tid ei meditativ leseform, som har fått merkelappen Lectio Divina - andeleg lesning. Filosofen Ivan Illich har peika på korleis lesekulturen har forandra seg frå den meditative, drøvtyggande lesinga til våre dagers skjermbruk. I Mellomalderen var teksten ein las ein « vingard» ein kunne vera i og bli forma av.Gradvis skjedde det ei forandring, på 200 talet kom punktum, fem hundre år seinare byrja ein med avstand mellom orda, kapittel fekk ein først i Høgmellomalderen og inndeling i vers  ikkje før på 1500 talet. Ein kunne dermed finna fram i teksten og henta kunnskap utan å nødvendigvis lesa igjennom alt. Frå å vera ein vingard som ein vart forma av, vart tekste ei gruve ein kunne henta kunnskap frå. Dette var på mange måtar eit framsteg, men samstundes tapte ein noko viktig - den intime interaksjon mellom teksten og eins indre. I føge Illich kulminerar dette med dagens intense skjermbruk.

Ein fundamentalistisk tilnærming til skriftene er eit relativt nytt fenomen, det oppstod på 1700 talet og er fjernt frå kyrkjefedrenes fortolkning. Origenes reknar med fire nivå i bibeltekstane, ein bokstaveleg eller historisk meining, ein mystisk som dreier seg om Kristus og kyrkja, ein moralsk som viser korleis vi skal leve og handle, til slutt ein anagogisk som dreier seg om det som skal skje i framtida.Lectio divina er ein heilskapleg tilnærming til skriftene der målet ikkje er kunnskap slik vi forstår det når vi les moderne tekstar. Lectio divina er ein slags drøvtygging av skriftene som grensar til og etterkvart blir bøn og i neste omgang bøn og meditasjon. Guillaume av St.Thierry formulerer det slik: « Når det gjelder Skriften, skiller drøvtygging fra vanlig lesning som vennskap skiller seg fra en flyktig visitt, og broderlig kjærlighet seg fra en tilfeldig hilsen.»






torsdag 17. september 2026

Olav Audunssønn (forts)

 Olav opplever altså det store traume å mista taleevna slik at han ikkje får skrifta sine ungdomssynder.Hadde det ikkje vore for Sigrid Undsets geniale fortellarevne ville dette hatt eit tragikomisk skjer - å mista taleevna akkurat i det han har manna seg opp til å vedgå det mørke han hadde bore på heile livet.Olav kjem seg såpass at han kjem heim til Hestviken, men prega av sin sjukdom, meir som ein levande død. Men kanskje kan han grunna over og finna trøyst i fader Finn Arvidssønns ord:

« Men var det slik at han skulle komme opp igjen og leve videre noen tid med den lønnlige doms segl for sin munn,så måtte intet menneske våge å tro det er grenser for Guds miskunn eller at han kan grunde ut Guds hemmelige råd.Som en konge tar sin utro lensmann opp igjen i sitt vennskap,men byr ham leve borte fra hirden en tid til han blir budsendt- slik måtte Olav bie med mandig tålemod på et tegn fra Vår Drotten.»

Det er ein vakker og solfylt vårdag, det går mot slutten for Olav. Men så skjer det at han kjem seg opp av senga, får kledd seg og  famlar seg fram ut i vårmorgonen. Han kjem seg ut mot utsiktsberget, men klarer ikkje meir og blir liggande i ei grop med ryggen mot berget og den tørre, solsvidde torva under seg. Så følgjer høgdepunktet i Sigrid Undsets verk. Olav ser på naturen rundt seg og himmelene over seg. « Alt det annet som Gud hadde skapt, sang lovsangen- Benedicite omina opera  Domini Domino - han hadde også kunnet den da han var ung.»

Han ser mot himmelkvelven, og minna stig opp i han, han ser skyene som ein stim med lam, men det er folk- det er hans mor og det er kona Ingunn og mange andre. Så stirrar han like inn i solauga, og skildringa som så følgjer hugsar eg frå første gong eg las boka for femti år sidan, så det må ha gjort inntrykk!

« Så veldet selve strålene fra lyskilden ned og østes ut over ham.Et øyeblikk stirret han med åpne øyne bent inn i soløyet, fristes i ett nu, vill av lengsel og kjærlighet, å stirre enda dypere inn i Gud.Han sank tilbake ned i rød ild, alt om han var ildmørje, og han visste at omkring ham brant det nu, det fangetårn som han hadde bygd opp omkring seg. Men salvet av det blikk som omsluttet ham, skulle han gå ubrent ut over de gloende emner av sitt brente hus, inn til det Syn som er evig sælhet, og ilden som brente ham, var ikke så brennende som hans lengsel -.

Stesonen Eirik finn han og får Olav i hus. Sira Magne kjem med Kyrkjas styrkande sakrament til den døyande. Syndene og mørkre brenn ned og han kan gå nyskapt inn til sin Herre og Meister.

«Eirik visste at den ild som fortærte ham nu, den kom til å synke, krype inn under aske, blusse opp igjen i lyse luer, men slokkes i ham skulle den aldri.»

onsdag 9. september 2026

Rekviem for kong Harald

 I kveld rekviem- messe for kong Harald som vart ført til sin siste kvilestad på Akershus i dag.


  • Requiem aeternam dona eis, Domine: et lux perpetua luceat eis.
    (Herre, gi dem evig hvile, og la det evige lys skinne for dem.)
  • Te decet hymnus, Deus, in Sion, et tibi reddetur votum in Jerusalem.
    (Deg høres lovsang, Gud, i Zion, og deg skal man bringe offer i Jerusalem.)
  • Exaudi orationem meam, ad te omnis caro veniet.
    (Hør min bønne-rop, til deg skal alt kjød komme.)
     




  •                                    Foto: Norges skiforbund

    tirsdag 8. september 2026

    Servant of God Giancarlo Rastelli

     Det vart på 2000 talet opna ein saligkåringsprosess for den italienske hjertekirurgen Giancarlo Rastelli. Så langt er denne kome til det første stadiet- Servus Dei - Guds tjener.

    Rastestelli vart fødd i den italienske byen Pescara i 1933. Han studerte medisin i Parma og starta sin medisinske karriere der. I 1961 fekk han eit stipend som førte han til den kjente Mayo klinikken i USA. Han fann sin plass i det hjertekirurgiske miljøet her, og vart snart sentral i arbeidet med medfødte hjertesjukdomar. I sitt korte liv utretta han mykje, det viktigaste var nye prosedyrar for kirurgisk korreksjon av komplekse medfødte hjertefeil, no kjent som Rastelli prosedyre 1 og 2. Rastelli var gift med Anna og hadde dattera Antonella som også utdanna seg til medisinar.

    I 1964 fekk Rastelli påvist Hodgkins sjukdom- ein type lymfekreft som vi i dag har god behandling for. Slik var det ikkje på 1960 talet, Giancarlo Rastelli døydde 2. februar 1970 berre 36 år gammal. Han etterlet seg eit omdøme som ein genial kirurg og forskar, men det var ikkje alt. Rastelli var heile livet ein from katolikk som evna å sjå Kristus i alle sine pasientar. Det vart etter kvart opna ein saligkåringsprosess og han er no på det første stadiet Guds tenar.

    Be for oss Guds tenar Giancarlo Rastelli!


                                                Foto: Cool catholics, Facebook

    Vita mutatur, non tollitur! ( Livet  blir forandra, ikkje avslutta)


    fredag 4. september 2026

    Karmel Totus Tuus

     Retrett i karmelittklosteret Totus Tuus ( heilt din) i Tromsø. Sekularkarmelitt- gruppa som samlast ein gong i året til fellesskap, samtaler, meditasjon, tidebønner og messe. Vi er her eit par dagar ekstra og gradvis sig roen inn over oss.Dette er kjent frå mange ganger tidlegare.

    Karmelittnonnene kom først frå Polen til Island i 1984, og vidare til Tromsø i 1990. Det vart lagt til rette for eit kontemplativt kloster  med tolv måls tomt rundt. Takka vera rause gåver frå inn- og utland kunne klostierbygningen  takast i bruk i 1995. Det var det første kontemplative kloster i Norge. Det er omlag 15 nonner i klosteret i dag, dei fleste frå Polen. Enkelte nye kall dukkar opp, men ikkje mange og etter regelen skal dei ikkje vera meir enn 21 i kvart kloster. Kontemplative nonners primær oppgåve er bønn, liturgisk bønn og individuell indre bønn, det siste i to timar dagleg. Dagen startar med laudes klokka  seks, etter det er det indre bønn, så feiring av messe klokka ni. I løpet av dagen er det tre korte tidebønner, ters, sekst og non, før det igjen er indre bønn og så vesper - kveldsbønn. Dagen blir avslutta med kompletorium klokka 21, før nonnene går til ro for natta. Det er fint å få vera ein del av dette eit par dagar, det gjev inspirasjon til det karmelittiske livet kvart enkelt lever i sitt privatliv heime!






    tirsdag 1. september 2026

    Om å sitja med eit sovande barn i armkroken

     Mange har nok kjent på den overveldande gode kjensla der er å sitja med ein sovande baby i armkroken. Få har som Sigrid Undset skildra dette når ho i midten av bøkene om Olav Audunssønn let Olav ta opp dattera Cecilie og legg henne mot brystet. Det er utruleg vakkert og gjenkjenneleg!

    « Piken brettet fellen til side, så han kunne se barnet. Hun lå og sov i fostermorens armkrok, med det lille rosenrøde ansikt boret varmt inni, halveis gjemt i sine egne skinnende, silkelyse lokker.Uten flere ord stilte Olav fra seg lyset, bøyde seg ned og løftet opp sin datter.Han gjemte henne godt hos seg inni kappens folder, blåste ut lyset og gikk bort med sitt barn.Innkommen i setstuen slapp han sin kappe ned på gulvet, sparket av seg skoene og krøp i seng med datteren, som sov like godt, gjemt inntil sitt bryst.

    Fra først av kjente han ikke til annet enn at søvnen var like langt borte fra ham som ellers.Men det var godt å ligge og holde dette vesle unge liv i armen sin. Hennes barnehår var bløtt som silke under hans hake, og det duftet søtt og friskt syrlig av søvnen, den lille pusten hennes spilte over hans bringe i halsmotet, varm og duggende.Silkemyk i skinnet,fast og trinn og kraftig var hennes kropp, de små knærne som hun boret inn i farens underkropp, ganske runde. Olav lå og unte seg å elske sitt barn, som en gnier unner seg å ta frem skatten sin og håndfare den-

    Men litt om senn virket den vesle møen som en varmesten.Varmen av det sovende småbarn gjennomtrengte ham, dulmet den bankende og verkende uro i hans hjerte; lunheten strømmet gjennom hele hans kropp og løste opp spenningen i søt, myk tretthet. Han kjente søvnen sige innpå seg, en velgjerning som han nu visste hva var verd. Med haken begravet i Cecilies bløte lokkehår sank han til bunns i søvn -.



    onsdag 26. august 2026

    Olav Audunssønn

     Olav Audunssønn i Hestviken og Olav Audunssønn og hans barn er Sigrid Undset sitt storslegne historiske epos frå slutten av 1200 talet. Ho skreiv verket fra 1925 til 1927, altså eit par år etter ho vart teke opp i den katolske kyrkjas fulle fellesskap i 1923. Ho var sjølv svært nøgd med verket som kanskje er det som loddar djupast både teologisk og psykologisk. Eg las bøkene om Olav Audussøn i ungdomen og på ny no, eg hugsar lite av handlinga og det var som å lesa for første gong. Eg vart dregen inn i handlinga og livet til desse personane som levde for 800 hundre år sidan, men likevel ikkje er så ulike oss. Sigrid Undset skildrar dei så levande at ein får inntrykk av at dette er menneske som har levd og som ein kanskje  har møtt og blitt kjent med. Bøkene er fulle av ytre dramatikk, vakre naturskildringar, ei mengde detaljar om dagleglivet i Mellomalderen, forfattaren viser sine store kunnskaper om denne tidsperioden som fascinerar mange av oss. Audun føl vi frå barndomen til han han døyr av slag i høg alder, dei andre sentrale personane er kona Ingunn som han vaks opp saman med som fosterson hos hennar familie, dessutan barna Eirik og Cecilie, så er det eit vell av bipersonar som det ikkje alltid er så lett å halda oversikten over.

    Olav er ingen lukkeleg mann, han vert skildra som taus, inneslutta, uglad og lite venleg mot sine næraste ikkje minst Eirik som han tek til seg som sin son, men som er barnet  Ingunn fekk med ein omreisande islending. Audun tek livet av denne islendingen, og det vert ei synd han ikkje får seg til å skrifta og som han ber på heile livet. Det formørkar hans sinn og verkar inn på hans handlemåtar ikkje minst overfor Eirik. På slutten av verket vart Jørund mannen til Cecilie funnen ihjelstukken, Audun fryktar det er Cecilie som har gjort det, forlet Hestviken og ror inn til Oslo. Han vil oppsøkja biskopen og skrifta si synd som han har bore på nesten heile livet.

    " Tusen ganger hadde han hørt at Guds miskunn er uten grenser, og lønnlig hadde han stolt på det: det som han flyktet fra, det var der og ventet på ham, når han fikk mot til å snu om, fordi det som er  utenfor tiden og uforanderlig: Guds armer bredt ut på korset, ferdig til favntak, de fem sårs nådestrømmer, det lutende Hode som så ned over all skapningen, våket og ventet, Maria og alle helgen omkring med bønnene som steg lik røk av røkelseskar med uslokkelig ild i. Alltid stod hans tjenere rede med makt til å låse av ham lenkene. Livets brød var alltid over alteret. Gud var uten grense -."

    Sigrid Undset skildrar mesterleg den kampen som foregår i Auduns indre, hans djupe fortviling og samstundes lengt etter å underkasta eigenviljen Guds vilje og lov. Fader Finn i klosteret i Oslo siterar Ambrosius for Olav:" Novit omnia Deus, sed exspectat vocem tuam, non ut punit sed ut ignoscat. Gud vet alt, men han venter på å høre din røst, ikke for å refse, men for å glemme."

    Olav mannar seg opp til skriftemål, men så skjer det tragiske at han vert ramma av slag og taper taleevna. Fader Finn trøstar dei næraste med at ha  vil gje Olav  salving og viaticum når det går mot slutten for:"...han hadde vist viljen til å skrifte sin skjulte synd. Men var det slik at han skulle komme opp igjen og leve videre noen tid med den lønnlige doms segl for sin munn, så måtte intet menneske våge å tro at det er grenser for Guds miskunn eller at han kan grunde ut Guds hemmelige råd."

    (forts.)




    torsdag 20. august 2026

    August

     Alt godt over midten av august, slutt på ferie for dei fleste, og eit nytt skuleår for borna. Sol og finver hos oss på Sørlandet om enn ikkje i vest og nord. Fleire poetar har skildra august, denne overgangen med mørkare kveldar og eit streif av vemod over at den korte sommaren er over. Ein analogi til livet vår,barndom, ungdom, vaksen og brått eldre om ikkje gammal. Poeten Einar Skjæraasen skildrar august som det mjukaste han kjenner,mjukt som sorg og kjærleik:

    AUGUST

    August er det mykeste myke jeg kjenner,
    denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
    denne dugg av avskjed i mine hender.

    Dette hemmelige milde inn over jorden,
    denne lyende stilhet:
    Tal Herre, tal!
    dette lyset som hviler
    på modningens høyde,
    dveler
    og synker mot visningens dal.

    Disse kvelder da trær
    er som skygger i skyggen.
    Denne etterårsfred over sted og forstand.
    Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten,
    og en kveld i august var den første
    besynderlig duse kjenning av land.

    Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
    August er det mykeste myke jeg kjenner,
    myk som sorg og som kjærlighet.


    Poeten Eldrid Lunden opplever at sommaren blir lys og slitt på begge sider:

    Milde mørke seinsommarnetter, det er varmt

    nok nå, og mørkt, sirissar og eit

    kjølig drag om leggene


    Ein vegg av varme, der ute over sjøen,ein

    stad i det sommaren er i ferd med å bli

    lys og slitt på begge sider






    mandag 17. august 2026

    Knudaheio

     Eg har hatt fokus på forfattaren Arne Garborg ei stund, og det var naturleg å vitja hytta hans på Knudaheio og Garborgheimen der han vaks opp, men  ikkje var lukkeleg. Garborg budde på Austlandet, men vitja Jæren fleire gonger på 1890talet, og då han skreiv Haugtussa i 1895 byrja han å sjå seg om etter ei tomt, og i 1898 kjøpte han tomta der hytta stod ferdig i 1899. Hytta var spartansk, men han følte likevel at ho vart for stor og dyr. Seinare skreiv han: « Det er ikkje mykje eg er so nøgd med i verda som fjellstova mi.» Her kunne han sitja å sjå utover Jærlandskapet og henta glede og inspirasjon kvar sommar fram til 1924, året før han døydde.Kanskje kunne han og skimta barndomsheimen  som no og er museum.Kona Hulda var med nokre gonger, men ho skal ha følt det var for primitivt å overnatta her. Garborg vart kremert etter ei storslått offisiell gravferd.Den kyrkjelege gravferda var nok ikkje etter Huldas ønskje. Ho sytte for at han seinare vart hauglagt på Knudaheio, og ho fann sjølv sin kvilestad her ti år seinare. 

    « Til deg ,du hei og bleike myr

    med bukkeblad,

    der hegre stig og heilo flyr

    eg gjev mitt kvad.»

    Vi går den korte vegen frå parkeringsplassen opp til Garborgs hytte, og får ei utbytterik orientering av den unge guiden. Før det har  vi og sett Steinansiktet « All denne fagre utsyn » av Hugo Wathne.Eit fint høgdepunkt i mi fordjupning i denne store forfattaren.












    lørdag 15. august 2026

    Maria opptagelse i Himmelen

     

    Marias opptagelse i Himmelen

    15. august feirer vi minnet om Jomfru Marias opptagelse i Himmelen. Det er en viktig høgtidsdag i det liturgiske året, og i mange katolske land også en offentlig fridag. Kirken lærer at Jesu Mor Maria ble tatt opp i Himmelen med både kropp og sjel, dvs. med hele sin personlighet, hele sitt vesen. Ingenting er gått tapt, hele hennes vesen er blitt forflyttet til Himmelen. Dette er ikke en skjebne som bare angår Maria, som hele menneskehetens mor viser hun hva vi alle kan håpe på. Troen på Marias opptagelse skriver seg fra Kirkens først tid, men ble først fastslått som dogme i1950 av pave Pius 12. Så godt som hele Kirkens bispekollegium støttet opp om dette. Dette dogme henger nøye sammen med de øvrige dogmene, Maria som Gudføderske og Marias ubesmittede unnfangelse. Hun er Kirkens Mor, vår forbederske og støtte, som alltid viser til Sønnen slik hun gjorde i bryllupet i Kana.

    Hellige Maria be for våre prester og vår menighet!




    onsdag 5. august 2026

    Santa Maria Maggiore

     I dag feirer vi vigslingsfesten for basilikaen Santa Maria Maggiore. Basilikaen skal ha blitt vigsla av pave Liberius 5. august 366. Iflg. tradisjonen skal Jomfru Maria ha vist seg på Esquilin høgda i Roma  eit par år før. Hennar bodskap var at det skulle byggast ei kyrkje til hennar ære ein stad der det hadde falt snø. Basilikaen blir difor også kalla Maria av snøen (Santa Maria ad Nives). Det blir kvart år markert ved  at det blir slept ned kvite roseblad over hovudalteret.Ved sida av Roma blir denne festen særskilt markert i La Palma på Mallorca. Santa Maria Maggiore er ein av Romas fire hovudkyrkjer , dei andre er  Lateranbasilikaen, St. Peterskyrkja og St. Paulus utanfor murane. 26. april i fjor vart pave Frans gravlagt i Santa Maria Maggiore etter eige ønskje.


    Pave Leo i bøn ved pave Frans grav i Santa Maria Maggiore

    Foto:EWTN





    torsdag 30. juli 2026

    The Wild Iris

     Eg har tidlegare skreve om den amerikanske poeten og nobelprisvinnaren Louise Glück som døydde i 2023, 80 år gammal. Eg les om igjen diktsamlinga The Wild Iris frå 1992, den vert rekna som eit høgdepunkt i hennar litterære produksjon.

    Boka er ei poetisk vandring gjennom ein hage i sommarhalvåret frå «End of Winter» til « September Twilight». Men det er og ei vandring gjennom døgnet og tida, gjennom menneskelivet med dei sår, gleder og minne vi ber med oss. Boka er forma som ein dialog , ein indre dialog  og ein dialog mellom gartnaren og forfattaren, men og mellom forfattaren og John som arbeider i hagen og vel viser til hennar partner? Så er her ein andeleg dialog mellom gartnaren/forfattaren og ein skapar. Boka startar med dikt «The Wild Iris» som legg an ein håpefull tone: « At the end of my suffering there was a door» og sluttar med ei stadfesting av det vakre og stadfestande som kan strøyme ut frå vårt indre: « from the center of my life came/ a great fountain,deep blue/ shadows on azure seawater.»  Boka avsluttar med diktet «The White Lillies», hagen kan bli gjort til « a bed of stars» mellom ein mann og ei kvinne, men og «capable of devastation». Så oppsummerar forfattaren denne hagevandringa med følgjande:

    « Hush, beloved. It doesn’t matter to me/how many summers I live to return:/this one summer we have entered eternity./ I felt your two hands/bury me to relase its splendor.» Denne sommaren er lik alle andre, men likevel unik. I diktet «Presque Isle» minnest Glück desse minnefulle augneblinkar som ein kan ta vare på vidare. «In every life ,there’s  a moment or two/ In every life, a room somewhere,by the sea or in the mountains.» Det sanselege og konkrete som vekkjer desse minna til live: « Around your face,rushes of damp hair,streaked with auburn./Muslin, flicker of silver.Heavy jar filled with white peonies.»

    Kva er denne tida som kjem eller går, eller begge deler? I diktsamlinga Averno finn vi diktet « Landscape»,der  knyter ho tid og landskap saman i det sanselege. « I lived in the present,which was / that part of the future you could see./The past floated above my head,/like the sun and moon,visible but never reachable.» Vi kan ikkje nå fortida, men notida som framtid vi kan sjå kan vi gripa.Valgetber vårt når sjansen byr seg. lenger ute i diktet skriv ho: « All your life,you wait for the propitious time./ Then the propitious time/reveals itself as action taken.»






    tirsdag 28. juli 2026

    Arne Garborg

    Eg les Tor Obrestads biografi om Arne Garborg frå 1990.Ei fin skildring av einav dei store i norsk litteratur. Boka er svært detaljert med lange sitat frå Garborgs mange artiklar og brev,eg må vedgå at eg hoppa over ein del av desse.Etter å ha lese biografien sit eg att med eit inntrykk av at Garborg var større enn eg har tenkt som forfattar,men og som tenkjar, samfunnsdebattant, avismann og ikkje minstsom forkjempar for nynorsk målføre! Arne Garborg var fødd i Time på Jæren, og debuterte med roman Bondestudentar i 1883, seinare følgde dei naturalistisk prega bøkene Mannfolk, Hjaa ho mor, Trætte Mænd.Hovudpersonane er unge rotlause menn,prega av meningsløyse og med nihilisme og dekadens som livssyn.Garborg sleit heile livet med dei store eksistensielle spørsmåla med utgangspunkr i ein oppvekst i eit strengt pietistisk miljø.Faren Eivind var prega av fanatisk religiøsitet og tok livet sitt då Arne Garborg var 20 år,han kom til å slita med livslang skuldkjensle for dette. Så kjem i 1895 det storslåtte og mest elska og lest av Garborgs verk,nemleg Haugtussa. Eit poetisk verk på 160 sider om den unge jenta Veslemøy også kalla Haugtussa.Etter å ha lese Garborg biografien hentar eg fram Haugtussa og les på nytt. Det er eit utruleg rikt verk, det er vel ikkje tilsvarande i norsk litteratur korkje før eller etter? Her er vakre poetiske naturskildringar frå Jæren,lengt, kjærleik, svik og sorg.Vi møter dei vonde maktene i folkeleg førkristen tru, men og dei gode reprentert ved Veslemøy, mor hennar og på slutten også den døde søstera.Kampen mellom det gode og vonde føregår så vel inne i oss,men og i verda og samfunnet rundt oss.Garborg var klar på den etiske fordringa som ligg i kristendomen. " ...det var noko i kristindomen- kyrkjetrui- som alltid drog meg og drog meg meir og meir, etterkvart som eg såg at heilt ut kunne ikkje vitskapen gjeva bot for ei tru, livet hadde, kor som var,ei moralsk side,som hadde ein rett,og attum alt stod no som alle dagar dei store spørsmålsteikn;me var ikkje so ferdige som mange av oss i ungt mod hadde tenkt." Hovudpersonen i Trætte Mænd Gabriel Gram gjev tapt for dei livsøydeleggande kreftene og endar i livstrøytt resignasjon, medan Haugtussa vinn over dei mørke kreftene med kraft frå kjærleiken og det gode.Innleiingsdiktet til Haugtussa er det kjende "Til deg du hei og bleike myr", det avsluttar optimistisk slik: " Men lerka stig frå gløymde grav med sigers ljod; og vinden stryker inn av hav so frisk og god. Og um me kjenner gråt og gru og saknad sår, so må me lerkesongen tru, som lovar vår." Heile verket avsluttar i same tone når Veslemøy ser søster si "fager og ljos og ålvorsblid med smil av heilag glede." " Kom,fylg oss på din nye veg, som upp or myrkheim fører deg til ljos og klåre dagar! Den stig er bratt,den veg er lang.Men ingin angrar denne gang.Um trøytt du stundom klagar,til sist seg allting lagar."

    Olsok

    29.juli og vi feirar Olsok,dagen til minne om Olav den heilage som fall på Stiklestad.Sjølv om kristninga av Norge gjekk over fleire hundre år både før og etter Olavs død,kan vi ikkje underslå den store betydning dette fekk for kristninga av vårt land.Olav vart heilagkåra lokalt,det var enno ikkje krav om at dette skulle skje i Vatikanet,lekamen hans vart skrinlagt og stod på høgalteret i Nidarosdomem fram til reformasjonen. I Mellomalderen var olsok ein av dei viktigaste høgtidsdagane, og Nidarodomem med Olavsskrinet var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa.Sjølv om Reformasjonen gjorde slutt på dette, held den folkelege feiringa av Olsok fram like til moderne tid.På slutten av 1800 talet vart det teke til orde for Olsokfeiring som nasjonalt symbol, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnsson tok til orde for dette.900 års jubileet i 1930 vart markert på Stiklestad med fleire titusen tilstades.I vår tid har det vorte auka fokus på Olsok med pilegrimsvandringar, Olavsspelet og Olavsdagane i Trondheim.                                                                                                                            Frå katolsk hald har vi lagt vekt på Olav som Norges evige konge og skytshelgen. Vi førebur ei stor markering i 2030 då det er 1000 år sidan Olav fall på Stiklestad.                                                                                                Heilage Olav, Norges evige konge be for oss!
    Foto: Den katolske kirke

    mandag 20. juli 2026

    Den heilage Thorlákr

    I dag feirar vi minnedagen til Den heilage Thorlákr Thorkallsson av Skálholt.Han er Islands føtste helgen og vart i 1984 utnemd til Islands vernehelgen av pave Johannes Paul.Thorlákr vart prestevigd som heilt ung.Han studerte ved St.Victor klosteret i Paris frå 1156 til 1159 lik mange andre geistlege frå Nord-Europa.Han var tilbake på Island 1161.I 1168 grunnla han det første Augustinarklosteret på Island,og var den første abbed.Seinare grunnla han også eit nonnekloster.Han vart utnemd av Alltinget til biskop av Skálholt i 1174, året etter vart han vigd til biskop av erkebiskop Eystein i Nidaros. Island vart kristna tidleg på 1000 talet, landet hadde to bispedømme,Skálholt i sør frå 1056 og Hólar i nord frå 1106.Thorlákr var biskop fram til han døydde 23. desember 1193, seksti år gammal.Han vart omtala som audmjuk men handlekratig med særskilt omsorg for dei vanskelegstilt.Han forsvarte Kyrkjas lære noko som første til konflikt med stormenn på Island.Etter sin død vart han oppfatta som ein heilag mann,mirakel tilskreve hans forbøn vart samla i ei Jærteiknsbok som vart opplest på Alltinget.Hans relikviar vart overført til høgalteret på Skálholt 20 juli som vi minnes i dag. Det vart kalla Thorlákrmesse om sommaren, 23. desember var Thorlákrmesse om vinteren som også er markert på den norske primstaven. Det utsmykka relikvieskrinet forsvann ettert reformasjonen, men minne om denne heilage mannen vart halde i hevd lenge etter reformasjonen, og med ny aktualitet i vår tid. Ei rekkje kyrkjer i Nord-Europa, også i Norge vart vigd til Den heilage Thorlákr. Heilage Thorlákr av Skáholt be for oss! Kyrkja på Skálholt. Foto: Island travel

    lørdag 18. juli 2026

    Dag og Tid

     

    26. mars 1962 fylte den folkekjære amerikanske poeten Robert Frost 88 år. Livet går mot slutten, men først skal han bli æra som landets store poet. President Kennedy tek  imot Frost i Det kvite hus og tildeler han Congressional Medal, ein høgt verdsett utmerking. Seinare på dagen er han æresgjest ved middagen i The Pan American Union i Washington. Den siste diktsamlinga hans «In the Clearing» vert publisert. USA  på byrjinga av 1960-talet visste å verdsetja sine forfattarar!

    20. januar året før vart John F. Kennedy innsett som president. Robert Frost er blitt spurt om å framføra eit dikt under seremonien, det er første gong ein poet får ein slik ærefull førespurnad. Han har skreve eit lengre dikt, men skarpt sollys og iskald vind fører til at den aldrande Frost les det kortare diktet “The Gift Outright”. Omsett til norsk av Karin Haugane med tittelen “Den fullstendige gaven”.

    Eg ser ikkje for meg at til dømes Joy Harjo eller Joyce Sutphen, to framståande amerikanske poetar, vert invitert til det Det kvite hus i dag. Men kanskje kjem det  nye tider? Diktet Frost hadde tenkte å framføra denne januardagen i 1961 sluttar slik: “ Firm in our free beliefs without dismay/ In any game the nation want to play/A golden  age of poetry and power/ Of which this noonday's the beginning hour”.

    Innlegg i vekeavisa Dag og Tid 17.juli



    fredag 10. juli 2026

    Katolisisme i Persiagulfen

     Landa på Den arabiske halvøya er alle muslimske og ein finn ikkje gamle kristne minoritetar slik tilfellet er i Irak, Syria og Libanon. Det var kristne her på 300 talet, men då islam overtok på 600 talet forsvann dei gradvis. Dei siste tiåra har mange arbeidssøkjande kome til arabiske land, mange av dei har katolsk bakgrunn. Dei kjem frå Fillipinene, India, Libanon, afrikanske og europeiske land, men har eit  felles ønskje om å praktisera si katolske tru. Spesielt Dei sameinte arabiske emirata har vist seg positive til  nye kyrkjebygg og kristen aktivitet. Ein reknar med at det er omlag ein million katolikkar i landet, det svarer til omlag 10% av innbyggarane. Det er over ti kyrkjer og eit rikt liturgisk liv med daglege messer på ulike språk. Pave Frans vitja landet i 2019, og hadde samtalar med muslimske leiarar og landets kronprins. 5. februar feira han messe på sportsstadium med 135000 truande tilstades.

    Utlenlandske kristne kan altså fritt praktisera sin religion i dette muslimske landet, men kva med innfødte som ønskjer å konvertera? Det er nok også her vanskeleg kanskje i større grad i forhold til familien enn styresmaktene. Det er likevel mange historiar om tidlegare muslimar som søkjer ei kristen tru. Interessant er det at Jomfru Maria som og blir æra av muslimar og er nevnt fleire stader i Koranen, har blitt ein inngangsport til ei levande tru på sonen Jesus Kristus. Maria gjer det ho alltid har gjort, ho viser oss vegen til frelsa i Kristus! La oss be om Marias hjelp for alle i muslimske land som søkjer kristen tru!


    Vår Frue av Lourdes utanfor kyrkja St. Mary i Dubai.

    Foto: EWTN

    tirsdag 30. juni 2026

    St. Hans

     

    St. Hans

    24. juni feirer vi St. Hans til minne om døperen Johannes fødsel. Det er nøyaktig seks måneder før festen for Jesu fødsel. Ved siden av Jomfru Maria er Johannes den eneste helgen som feires på fødselsdagen ikke dødsdagen. Dagen har ulike betegnelser fra gammelt av og var avmerket på primstaven: Jonsok – Jonsvake – Jonsmesse. Det er også den eneste helgendagen som fremdeles blir markert i det sekulære Norge, om enn ribbet for religiøst innhold. Johannes er profeten som går foran og peker på han som skal komme med frelse til verden. Allerede i sin mor Elisabets liv fryder han seg over Jomfru Marias hilsen da hun kommer til Elisabet og Sakarjas bolig i Juda. Senere uttaler han seg i klare ord: «Vend om for himlenes rike er nær. – Se der er Guds lam som bærer verdens synder.» Johannes ble fengslet og henrettet under kong Herodes, en hendelse hyppig fremstilt i kunsthistorien.

    St. Hans har vært en populær festdag helt fra 300 tallet. Navnet Johannes i ulike former er et hyppig brukt guttenavn, i Norge: Hans, Jon, Johan, i England: John, I Frankrike; Jean, i Spania: Juan, i Italia: Giovanni.

    (St. Ansgar nytt juni 2026)