Den brennende busk er andre del av Sigrid Undsets store verk om forretningsmannen Paul Selmers veg til katolisismen og hans turbulente privatliv. Det er gått fleire år frå hans første møte med Den katolske kyrkja, Lucy hans store kjærleik har forlata han, og han har gifta seg med den unge og overfladiske Bjørg. Men han er ei søkjande sjel og reflekterar : «Alle andre forsøk på en livsforklaring enn den kristne løper ut i selvmotsigelse og skodde eller bent frem i vrøvl. Iallfall synes jeg det. Det er bare ett som jeg ikke er sikker på - kan det ikke like godt være sannheten at livet er meningsløst?» Han oppsøkjer pastor Harald Tangen som han kjenner frå før med eit klart spørsmål om pastor Tangen kan gje den undervisning som krevst for å bli teke opp i Kyrkja? Han går til undervisning og ein regnfull vårdag er han klar for å bli ein del av Kyrkjas fulle fellesskap, men dette er Pauls prosjekt åleine, ingen av hans næraste familie er tilstades. Presten spør om kva bibeltekst som skal vera slått opp når Paul legg handa på den og les truvedkjenninga. « Da vil jeg gjerne at det skulle være Matteus sekstende kapittel: « Men I, hvem sier I meg å være?» ( Og de, spurde han, kven seier de at eg er? Då svara Simon Peter: Du er den salva, den levande Guds Son. Jesus tok til orde og sa: Sæl er du , Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.)Dette blir hans personlege truvedkjenning. Paul har grua seg til denne dagen, når han går inn i kyrkja kjenner han på « et støt av uvilje», samstundes er han trøtt av alle omvegar som han sjølv har søkt opp. Etter sermonien blir han teke hjerteleg imot og får gåver. Den vesle jentungen som kjem med eit Jesu- hjerte bilete i blikkramme rører han spesielt.
Paul opplever oppturar og nedturar som katolikk, og det er dagleg livet med sine næraste som er den største utfordringa. Ein stor opptur er det at begge barna Helge og Synne fin sin plass i Kyrkja. Sigrid Undset skildrar vakkert reisa til England, der Paul føl Synne og ei veninne som skal byrja på ein engelsk katolsk skule. Mot slutten av romanen møter han igjen Lucy, hans ungdoms store kjærleik. Paul innser at han aldri har elska nokon annan, og han er like forelska som tjue år tidlegare. Paul er katolikk og skilsmisse er ikkje aktuelt, men han blir likevel involvert i Lucys liv med tragiske følger. Her dukkar så bilete frå boktittelen opp, « Den brennende busk». Etter ei natt i mørkre og fortviling går Paul inn i kyrkja og blir liggande samansunken framom kommunionsskranken. Så opplever han at Guds nåde skyller inn over han:
« Fra bunnløse hemmeligheters rike og fra den virkelige nærværelse noen skritt borte kjente han viljen som slo sammen om hans vilje. Det skyllet som en flod, og han kjente seg oppslukt- av det som ild i denne verden er et bilde av; hans sjel var blindet av noe som lyset står som tegn for på jorden. Det var som en brennende busk drog ham til seg, slo sammen omkring ham, fortærte ham, og likevel ble han ved å være til - så slapp det ham igjen, så var det ikke mere, men tilbake var en lammende lykkefølelse.» Paul blir liggande urørleg, og kjennet at det er blitt heilt stille inn i han der det « hadde dannet seg dyp på bunnen av hans vesen, og der ville denne stillheten alltid herske, selv når sinnsopprør var det eneste han bevisst kunne føle-.»
Vi kjenner bilete « Den brennende busk» frå Moses møte med Herren. Sigrid Undset bruker det og på slutten av Olav Audunssønn der den døyande Olavopplever at sola han stirrer inn i vert ein eld som lutrar han og brenn ned det som enno er igjen av eigenvilje og omvegar. Eigen viljen blir bøygd under Guds vilje og går opp inn i den. Den trufast tenaren kan lukkeleg gå inn til sin Herre og Meister!
Aleret St.Olav katolske domkyrkje slik den kanskje såg ut på Paul Selmers tid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar