Kort tid etter vitjinga i Frankrike fekk pave Leo ved ein rutinekontroll påvist ein forandring i høgre lunge som kunne vera ein kreftsvulst. Han vart operert på Gemelli sjukehuset og fekk fjerna ein lungelapp på høgre side. Histologi samme dag viste at svulsten var eit adenocarcinom. Det er ein ikkje- småcella form for lungekreft som også rammar dei som aldri har røykt.Så langt er det ikkje haldepunkt for spreiing, og då er leveutsiktene svært gode. Iflg. helsebulletin på Vatikanet er paven som frå før var ein sprek og tennisspelande 71 åring, i rask gradvis bedring. Alt kort tid etter inngrepet feira han messe for personalet på sjukehuset som bilete under viser.
Den katolske kyrkja er verdas største religiøse samfunn, og antall katolikkar aukar gradvis i alle verdsdelar, og ikkje minst i vårt land. I verda er det no totalt 1.422.000 katolikkar, ein auke på 16.000.000 frå i fjor. I Norge er det no registrert 168.000 katolikkar, det er omlag 3% av befolkninga. For 20 år sidan var det berre registrert 46.000 katolikkar. Dei fleste av desse er sjølvsagt innvandrarar, men det er også ein aukande interesse for Kyrkja, særleg blant yngre menn. I sist påske var det i mange land også Ein kraftig auke i vaksne som mottok dåpens sakrament.Det er eit stort ansvar å vera øverste leiar for alle desse, men så langt har paven med Guds hjelp takla det godt!
Foto: Vatican News.
FORBØNN FOR PAVE LEO OM SNARLEG BEDRING OG AT HAN NO ER FRI FRÅ KREFT.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar